Oppgåve
Hugseregel for den første undersøkinga
BLÅS er hugseregelen for å vurdere situasjonen og kva hjelp personen treng. Ved å nytte denne hugseregelen startar du med det som bør undersøkjast først. Det kan særleg vere nyttig når du er stressa, for då kan hugseregelen hjelpe deg til å gjennomføre undersøkinga på ein best mogleg måte.
- Gjer greie for kva du skal gjere ved dei ulike ledda i pasientundersøkinga BLÅS.
- Test deg sjølv i den interaktive oppgåva under.
Sjå på biletet, les situasjonsskildringa, og gjer oppgåvene under.
Situasjonsskildring
De er ein venegjeng som kjem ned til stranda. Ein mann sit på ein benk. Han sit litt rart, og de synest det verkar som om noko ikkje er normalt. De vel å gå bort til han og seie hei. Mannen sit heilt skeivt og gir dykk ingen respons når de snakkar med han. Ein av venene dine tek opp telefonen og varslar 113.
- Lag eit rollespel der den eine personen er mannen på stranda. Den andre personen skal gjennomføre BLÅS-undersøkinga.
- Byt roller i rollespelet, og gjennomfør på nytt.
Evaluer gjennomføringa av rollespela.
- Kva har de lært?
- Kva fungerte bra?
- Var det noko som kunne vore gjort annleis?
Relatert innhald
Fagstoff
Den første undersøkingaNår du står overfor ein person som treng førstehjelp, må du først finne ut kor alvorleg situasjonen er.