Film og filmklipp
Forbrenningar
Det er vanleg å dele inn brannskadar etter alvorsgrad og omfang. Ver merksam på at personen òg kan vere utsett for skadar i luftvegane viss vedkomande har pusta inn røyk. Det er viktig at du raskt veit kva du skal gjere for å avgrense skaden.
Førstegradsforbrenning
- Berre det ytre laget av huda er påført brannskade.
- Huda er vond, raud og hoven.
- Det blir rekna som ein liten brannskade dersom skaden ikkje dekker eit større område og ikkje sit i lysken, setet, ansikt, hender eller føter.
Andregradsforbrenning
- Både det ytret og det neste laget i huda har vorte påført brannskade.
- Huda er raud, flekkete, hoven og det vil oppstå blemmer.
- Personen vil ha sterke smerter.
- Det blir rekna som ein større brannskade viss skaden er større enn 5–7 cm i diameter eller sit i lysken, setet, ansikt, hender eller føter.
Tredjegradsforbrenning
- Alle laga i huda er brannskadde.
- Huda kan vere forkola eller ho kan sjå kvit og tørr ut.
Personen har smerter.
Fjerdegradsforbrenning
Liknar på tredjegradsforbrenning, men i tillegg til huda er òg underhudsfeitt, musklar og/eller beinvev skadd.
Ring 113 ved større og alvorlege forbrenningar. Her vil du få rettleiing og hjelp.
Førstegradsforbrenning kan ein i dei fleste tilfelle behandle sjølv.
- Avkjøl det brente området med vatn med ein gong – vatnet skal halde ca. 20 grader, hald skaden i vatnet i 20 minutt. Hos barn skal det berre nyttast lunka vatn.
- Ikkje stikk hol på blemmer.
- Fjern smykke og liknande som sit i nærleiken av skaden.
- Klede på skadd område blir fjerna når området er avkjølt. Ikkje fjern klede som sit fast i huda.
- Det skadde området blir halde høgt.
- Ved behov for legehjelp blir det skadde området dekt før transport. Bruk tynn plastfolie eller noko anna som ikkje festar seg. Ikkje bruk salve, olje eller liknande.
Ver òg merksam på eventuelle pustevanskar viss personen har pusta inn røyk. Følg i tilfelle instruksjonane i artikkelen Den første undersøkinga.