Hopp til innhald
Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet produser lyd

Kor godt rusta er du for å jobbe med lyd? Test deg sjølv.

Har du forstått?


Svarer du ja på påstandane nedanfor, har du god greie på lydarbeid.

  • Eg bruker ulike lydtypar i produksjonane.
  • Eg veit om ulike mikrofontypar, og eg veit kva som bør brukast når.
  • Eg veit korleis eg kan gjere gode lydopptak og er klar over rom, klang og djupn.
  • Eg kan lage gode lydovergangar og redusere støy.
  • Eg kan forskjellen på mono og stereo.
  • Eg kan ein del lydteknikk som å justere frekvensar og panorere lyd.
  • Eg har kjennskap til APUS-modellen og til den omvende pyramiden og er klar over dramaturgi når eg byggjer opp lydproduksjonar.
  • Eg kan bruke minst eitt lydredigeringsprogram.
  • Eg veit korleis eg kan kombinere lydtypar, justere lydnivå, lage overgangar, jobbe i fleire spor og eksportere ferdig produkt.
  • Eg krediterer opphavar om eg bruker lydar produserte av andre.
  • Eg kjenner til ulike radiosjangrar som reportasje, ulike podkasttypar, nyheitsbulleteng og høyrespel.

Kan du forklare omgrepa?