Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag radioreportasje om ein hobby

Lag ein radioreportasje på to minutt som kan sendast på lokalradioen din i programposten "hobbyen min".
Ein ung mann med lyse klede sit ute med gitar og hatt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reportasje betyr å "bringe tilbake". Ta med lydopptakar og kamera, og dra ut på eit oppdrag for å fange opp lyd og situasjonar om ein hobby. Berre eit intervju er ikkje nok. Fang situasjonar og observer slik at du kan skape lydbilete når du skal redigere.

Oppdrag

Lag ein lydreportasje om hobbyen til ein person som bur i nærmiljøet ditt.

Reportasjen skal vere om lag to minutt, blir levert klar for å gå på lufta og skal ha topp, intro og ut lagde ved i ei tekstfil.

Du skal både gjere intervju og gjere lydopptak av minst to ulike situasjonar der personen held på med hobbyen.

Ta fleire bilete av intervjuobjektet og hobbyen som kan brukast til å leggje bilete til reportasjen på nettsidene til lokalradioen. Ta bilete i både breiddeformat og høgdeformat.

Forklaring av topp, intro og ut

Topp, intro og ut blir framførte av programleiaren i studio og høyrer til radioreportasjen din.

Topp/head:

Dette er eit kort innsal til saka di på om lag ei setning. Programleiaren seier toppen i starten av eit program, og han er ein "teaser" til saka di som kjem seinare i sendinga.

Intro:

Introen blir opp lesen av programleiaren og introduserer reportasjen rett før han går på lufta. Tenk innsal, og pass på at introen og starten i reportasjen høyrer saman. Han kan vere på om lag to til fire setningar. Dette kan minne om ingressen i ein artikkel.

Ut/outro:

Programleiaren fortel kven som har vore reporter i reportasjen: "Reporter var …" Du kan òg ha ei setning eller to som høyrer til reportasjen din viss det er naturleg med ei tilleggsopplysing eller ei vidare avrunding.

Førebuingar

Finn eit intervjuobjekt som kan fortelje om hobbyen sin, og klargjer premissane for intervjuet. Sei kva opptaka skal brukast til.

Gjer research og planlegg spørsmål, sjå for deg moglege situasjonar du kan gjere opptak av.

Skriv gjerne introen til saka før du reiser ut.

Test ut utstyret før du reiser ut – at alt fungerer, og at du har nok batteri.

Gjer opptak

Dra ut, og gjer opptaka. Følg med på lydmeteret undervegs. Bruk gjerne spørsmålslista du har førebudd, men det viktigaste er å vere til stades i samtalen – still oppfølgingsspørsmål, og gi intervjuobjektet respons.

Sjekk gjerne spørsmålslista undervegs slik at du får dekt alt. Eit godt avslutningsspørsmål som kan gi deg litt ekstra, er rett og slett å spørje om intervjuobjektet har litt meir å seie, eller om dei har noko dei ønskjer å leggje til.

Sorter, klipp og ferdigstill

  1. Gå gjennom materialet, og finn ut kva du kan bruke og ikkje.
  2. Noter ned tidskodar, og set opp strukturen på eit ark før du klipper i materialet og jobbar i tidslinja.
  3. Fokuser på anslaget, det skal selje inn heile saka.
  4. Vel ut situasjonen eller situasjonane som skal vere med i reportasjen.
  5. Rediger saka, les inn voice-over, og gå over lydnivå og overgangar.
  6. Kvalitetssikr lydfila, og skriv topp, intro, og ut.
  7. Eksporter ut til riktig format, og lever lyd- og tekstfilene.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020

Læringsressursar

Produser lyd