Hopp til innhald
Fagartikkel

Planlegging og produksjon av visuelle effektar

Visuell planlegging, opptak og etterarbeid er sentrale trinn i arbeid med grønveggteknikk og andre visuelle effektar i TV- og filmproduksjonar.

1. Visuell planlegging i film og TV

Filmproduksjon

Planlegginga av visuelle effektar kjem tidleg inn i produksjonen av film og video. På større produksjonar finst det ofte ein eigen koordinator for visuelle effektar. Personen samarbeider med regissør, produsent og fotograf. Saman ønskjer dei å gi sjåaren ei spesiell oppleving, ein wow-effekt.

Visuelle effektar blir førebudd gjennom arbeidet med storyboard. Kva for kreative moglegheiter har vi, og kva finst av pengar for å få det gjennomført?

Bruk av grønvegg, til dømes, er som oftast billegare enn å lage store sett. Skal det vere realisme, eller skal vi takast inn i ei fantasiverd som Star Wars? Viss det skal vere ei fantasiverd, blir ho gjerne laga i 3D.

TV-produksjonar

I TV-produksjonar blir grønvegg brukt til mange forskjellige direktesende program, som nyheiter, vêr, magasin og sportssendingar.

Sjå korleis ein grønveggsproduksjon om Brexit går føre seg i eit TV2-studio.

I NRK-serien Heimebane blir grønvegg brukt for å gi kontroll over opptakssituasjonen. I Noreg har vi ikkje alltid kontroll på vêret. Derfor finst det filmar og seriar der du ikkje skjøner at delar er tekne opp i studio med grønvegg.

I artikkelen Derfor "jukser" vi mer enn du kanskje tror på Heimebane (nrkbeta.no) viser NRKbeta korleis grønvegg blir brukt i produksjonen av serien.

2. Opptak

Planlegging av visuelle effektar kan gi fleire opptaksløysingar. Her er to døme:

  • Det kan vere grunnleggjande grønveggsopptak med fast kameraposisjon. Dette er vanlegast å bruke ved TV-produksjonar.
  • Dersom kameraet skal bevege seg, trengst det tilsvarande bevegelse i biletet som skal leggjast inn. Dette kan gjerast ved at kameraet er datastyrt, eller at det finst punkt som kan lesast digitalt og omsetjast til 3D- eller 2D-data, òg kalla tracking.

Fordelen er at same studio og lys kan brukast til alle produksjonar og innanfor eit tidsrom på få minutt.

3. Etterarbeid – setje saman

TV-produksjon

TV-produksjon er gjentakande i forma, og det blir produsert mange timar med til dømes nyheiter kvart år (30 minutt x 3, x 365 dagar). I direktesend TV blir biletstraumar sette saman i sanntid, utan rendring, med ein miksepult. Programleiaren på grønvegg blir sett saman med bakgrunnen, som ofte er dataskapt 3D.

Filmproduksjon

Etterarbeid på filmproduksjonar kan vere eit mødesamt arbeid. Vi vil gjerne at sjåarane skal "tru" på det dei ser. Er opptaka gjorde dårleg, kan det bli mange timars arbeid for å få eit godt resultat. Nokre gonger må opptak gjerast om igjen.

I datamaskina gjer ein hovudsakleg to operasjonar:

  • Det grøne blir fjerna, så personen kan leggjast over i bakgrunnen.
  • Fargar og kontrast blir tilpassa, så det ser heilskapleg ut.

Prosessen bak 3D-produksjonen i Stranger Things

På større produksjonar blir arbeidet med filmscener fordelt mellom ulike spesialiserte 3D-animatørar og postproduksjonsselskap.

I filmen nedanfor fortel Michael Pecchia og Chase Friedman frå selskapet Aron Sims Creative om prosessen bak 3D-animasjonen av Demogorgen i serien Stranger Things.

Video: Christina Svien / CC BY-NC-SA 4.0