Vel tema, lag skisser, planlegg og produser ein vignett.
1 Vel tema
Vel tema for eit TV-magasin. Tema kan til dømes vere politisk debatt, helse, ungdom, bærekraft, ekstremsport eller forbruk.
2 Lag skisser
Vel teknikkar for utvikling av idear og skisse i samråd med medelevar og lærar. Presenter arbeida, gi og få tilbakemelding frå andre elevar og lærar i produksjon.
NDLA: Skisser i idéutvikling
NDLA: Moodboard
3 Produksjon
Hald deg til tidsrammene som er gitte av lærar.
Arbeidet skal gjerast i relevante programvarer, til dømes After effects, i kombinasjon med andre program som Photoshop, 3D-program eller liknande og/eller kamera/video.
Innlevering vignett
- 12 og 18 sekundar lang.
- Det blir forventa at vignetten står ut frå resten av fjernsynsprogrammet.
- Namnet (ev. logo) på programmet skal liggje i ro på slutten av vignetten i 4 sekundar.
Format: HD 1920x1080 (72dpi) 25 fps. Ferdig resultat skal leverast i formatet H264.
CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021