Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samarbeid om ein grønveggproduksjon

La deg inspirere av The Rolling Stones, og leik med storleiken på deg sjølv i høve til omgivnadene.

Studer Rolling Stones sin video “Love is strong”, og bruk han som inspirasjon når du skal lage eit videoklipp med deg sjølv inn i andre omgivnader enn dei du plar vere i.

Arbeidsoppgåva passar å løyse i grupper på tre. Innlevering av idé og resultat kan gjerne vere individuell.

1. Planlegging – videoopptak:

  • Finn 3–4 opptaksstader, location, der de gjer videoopptak av bakgrunn.
  • NB! Bruk stativ.
  • Ta opptak både med og utan deg sjølv i biletet.

2. Greenscreen-opptak:

  • Vel det beste opptaket.
  • Attskap lyset i studio.
  • Gjer opptak av kvarandre framfor grønvegg.

3. Kompositing:

  • Set bileta saman i After Effects.
  • Hjelp kvarandre.

4. Innlevering:

  • Video ferdig i h264. 1920 x 1080 px min. 10 sekund.
  • Skjermdump av After Effects-fila (jpg).
  • Refleksjon over eige arbeid.

Eigenvurdering:

  • Vurder korleis du har lukkast med å gjennomføre ein idé.
  • Har du fått til gode grønveggopptak?
  • Har du sett saman grønvegg og bakgrunnsopptak på ein slik måte at det har skapt ein god illusjon?

    • Kommenter gjerne biletutsnitt, lyssetjing, keying/nøkling
  • Kva er du spesielt fornøgd med?
  • Kva ville du gjort annleis?

CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2023

Læringsressursar

Fleirkameraproduksjon og strøyming