Lag ein 3-kameraproduksjon
1 produsent
Arbeidsoppgåver: gir instruksar til alle som er involverte i produksjonen, og passar på at alle gjer jobben sin. Ho gir blant anna beskjed om kva for kamera som skal på lufta, kva for utsnitt som skal brukast, og klipperytme.
1 programleiar/intervjuar
Arbeidsoppgåver: gjer research på temaet, gjer avtale med intervjuobjekt, førebur og gjennomfører intervjuet. Kan gjerne introdusere temaet og presentere intervjuobjekta i starten.
1 biletmiksar
Arbeidsoppgåver: klipper mellom dei ulike kameraa i fleirkameraproduksjonen.
1 lydansvarleg
Arbeidsoppgåver: riggar opp og testar dei ulike mikrofonane som skal brukast i produksjonen, og styrer lydkontroll-maskinen under opptak.
1 lysansvarleg
Arbeidsoppgåver: ansvarleg for å rigge opp lys. Om intervjuet skal gjerast ute eller inne i eit studio, får konsekvensar for lyssetjinga.
3 fotografar
Arbeidsoppgåver: styrer kamera og får beskjed frå produsenten om eksponering og ulike biletutsnitt. Kan styre kamera på stativ eller halde kamera sjølv. Ein av fotografane har ansvar for å filme programleiar/intervjuar i 1-skott, ein annan fotograf har ansvar for å filme intervjuobjekta i 2-skott, og ein fotograf har ansvaret for å filme totalbilete (3-skott).
Enkel gjennomføring av 3-kameraproduksjon
Dersom de ikkje har tilgang til biletmiksar og lydkontroll-maskin:
- Rigg opp tre kamera.
- Start opptaka på dei tre kameraa samtidig, bruk gjerne ein «klappar» ved starten av opptaket, då er det lettare å synkronisere lyd og bilete.
- Når gruppa er ferdig med filminga, blir dei tre opptaka klipte saman i eit redigeringsprogram.