Oppgåve
Lag ein køyreplan
Gå saman i små grupper. De skal planleggje første del av eit TV-program ved å nytte eit planleggingsverktøy kalla «køyreplan».
De skal organisere dei første 10–15 minuttane av eit kjent talkshow eller aktualitetsprogram, eller finne på eit eige konsept. Køyreplanen må innehalde tider for når desse elementa skal på:
- vignetten
- programleiar som ønskjer velkommen
- framkomsten til gjestene
Hugs å leggje til rette for ei veksling mellom «live» i studio og innslag (eks. reportasjar).
Her finn de eit eksempel: Kjøreplan- eksempel fra Skavlan
Filer
Her finn de ein mal: Kjøreplan
Filer
- Kjøreplan(PDF)
- Kva er fordelane ved å bruke ein køyreplan i planlegginga av eit TV-program?
- Kva er ulempene?
- Kvifor er det nødvendig å planleggje ein TV-produksjon?
Kva har de lært?
Byt køyreplan med ei anna gruppe. Vurder planane til kvarandre.
Gi tilbakemelding!
Gi kvarandre tilbakemelding i form av to stjerner og eitt ønske:
Sei to ting som er bra med køyreplanen til den andre gruppa, og éin ting som kunne vore betre.