Hopp til innhald

Fagstoff

TV- og filmforteljingar om 22. juli

Kvifor og korleis lage fiksjon om terroråtaka som skaka Noreg 22. juli 2011?

NRKs dramaserie "22. juli"

Hausten 2011 inviterte NRK til idédugnad for å utvikle ein dramaserie om korleis Noreg takla terroren 22. juli. Regissørekteparet Sara Johnsen og Pål Sletaune fekk oppdraget.

Johnsen og Sletaune brukte fleire år på research for å skape dramaserien "22. juli". Serien fortel historia om dei som var på jobb då terroren ramma Noreg. I videoklippet nedanfor fortel Pål Sletaune om produksjonen av tv-serien. Han er tydeleg på at det har vore utfordrande å lage serien:

"Det er utfordrande å jobbe med ekte hendingar, og det siste vi ville gjere var å påføre folk meir smerte. Den største skrekken vår på regisida var at det skulle opplevast som ein fiksjonsfilm. Med ein gong du er på Utøya med eit kamera, så blir det ei slags thrillerkjensle. Dette er ikkje nokon thriller. Det er ein utruleg stor tragedie."

Fakta om tv-serien "22. juli"
  • Sara Johnsen og Pål Sletaune har skapt serien.
  • Regissørekteparet fekk oppdraget i 2011.
  • Dei blei inspirerte av HBO-serien "Treme".
  • Opptaka til serien blei gjorde i 2018.
  • "22. juli" er ein omfattande produksjon, med 126 opptaksdagar, 259 taleroller og 3500 statistar.
  • Etterarbeidet blei gjort vinteren 2019.
  • Serien kosta rundt 106 millionar kroner.
  • Første episode blei vist på NRK søndag 5. januar 2020.
  • Du kan sjå heile serien på NRK.

"Basert på ei sann historie"

Du kjenner sikkert til merkelappane “basert på ei sann historie” og “ei historie frå røyndommen”? Mange forteljingar tek utgangspunkt i noko som har skjedd i det verkelege livet.

Å lage ei dramatisering av terroråtaka 22. juli 2011 der til saman 77 menneske mista livet, er ikkje noka lett oppgåve. Dei brutale åtaka skaka Noreg og skapte overskrifter over heile verda. Korleis attskaper vi ei så alvorleg hending på tv og film?

Om terroråtaket 22.juli
  • Bombeåtaket på regjeringskvartalet og massedrapet på Utøya 22. juli 2011 er dei verste terrorhandlingane i Noreg etter andre verdskrigen.
  • Til saman 77 personar blei drepne, og mange blei hardt skadde.
  • I tillegg forårsaka bombeåtaket enorme materielle øydeleggingar.
  • Mange av dei ramma og ein del pårørande har i ettertid slite med til dels sterke psykiske plager.
  • Gjerningsmannen bak begge terrorhandlingane var Anders Behring Breivik, som i dag sonar ein dom på 21 års forvaring.

(Kärki, Stang, Refsdal & Ryste, 2018)

Bør vi lage tv-seriar og filmar om 22. juli?

Dei som meiner at vi bør lage fleire tv- og filmforteljingar om åtaka, er opptekne av at bilete har stor påverknadskraft. Bilete appellerer i lang sterkare grad til kjenslene våre enn skriftlege tekstar. Dramatiseringar på film og tv kan derfor gjere oss meir engasjerte og få oss til å forstå omfanget av katastrofen betre.

I dag veks det opp mange barn og unge som ikkje har noko forhold til det som hende 22. juli 2011. Dei var ikkje fødde då, eller dei var for småe til å forstå kva som skjedde. Då kan ein medieproduksjon med levande bilete vere med på å skape eit kollektivt minne om åtaka.

Utfordringar med å skildre 22. juli

Mange har vore kritiske til at det blir laga film og tv-forteljingar om terroren. Dei er redde for at scenene kan vere unødvendig brutale. Dei tenkjer at det kan vere opprivande å sjå gjerningsmannen, eller dei fryktar at sanninga blir forvrengd. Nokon tenkjer kanskje òg at det er for tidleg å filmatisere det som skjedde, eller at ingen bør tene pengar på å lage kinofilm om tragedien. Betyr det at det er riktig å la vere å lage fiksjon om terroren?

Vi må tore å snakke om det!

Den norske regissøren Erik Poppe meiner vi treng filmar om 22. juli for å forstå oss sjølv, kvarandre og verda vi lever i – og for å hugse. I spelefilmen "Utøya 22. juli" (2018) skildrar han ungdommane som blei ramma. Han synest det er viktig at det finst forteljingar om kampen deira for å overleve på Utøya:

"Deres opplevelse av denne politiske terroren kan vanskelig beskrives med ord. Jeg håper filmen kan bidra til vår medfølelse og omsorg for dem som er tilbake, og skape større forståelse for hvordan tilfeldighetene rådet over alles skjebner i det kaoset som oppstod da ondskapen slo ned."

(Filmweb, u.å.)

Skodespelar Andrea Berntzen og regissør Erik Poppe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Kva for andre historier meiner du vi må tore å fortelje?

Kjelder

Kärki, F. U., Stang, L., Njølstad, O., Refsdal, N. O. & Ryste, M. E. (2018, 18. desember). Terrorangrepene i Norge 22. juli 2011. I Store norske leksikon. https://snl.no/terrorangrepene_i_norge_22._juli_2011

Filmweb. (u..å). Utøya 22. juli. Henta 18. desember 2020 frå https://www.filmweb.no/skolekino/incoming/article1353767.ece

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020

Læringsressursar

Forteljeteknikk og verkemiddel