Medieuttrykk 2
Produksjon for digitale flater
Innhaldsproduksjon for digitale medium må ta omsyn til multimedialitet og interaksjon. Lyd, bilete og tekst må setjast saman til ein meiningsberande bodskap, og design og innhald må fungere på skjerm. Brukargrensesnitt og strukturering må vere formålstenlege slik at navigasjonen går saumlaust.
Interaktivitet og historieforteljing
Ved interaktivitet får du som brukar eller publikum moglegheit til å ta val i ei forteljing eller avgjere kva du vil sjå på ei nettside eller gjere i eit dataspel. Nye medium opnar opp mange dører til interaktivitet. Lær meir om interaktivitet og interaktiv historieforteljing.