Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Kreativt samarbeid: digital historieforteljing

No skal de jobbe i eit kreativt team der de skal planleggje, produsere og ferdigstille ei digital historie med ulike roller og ansvar.
Ein lærar skriv noko i ei notatblokk, og fleire elevar sit og står rundt og følgjer med. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jobb i eit team på minst tre personar. Nokre kan ha fleire roller. De skal ha kvart dykkar ansvarsområde, og de skal ha jamlege møte gjennom prosessen.

Fordel roller (de kan ha fleire roller)

  • journalist
  • design
  • fotograf
  • produsent
  • videoprodusent
  • webutviklar
  • programmerar

Oppdrag

Den digitale regionavisa deira ønskjer å vere meir attraktiv for dei yngre lesarane sine. Avisa ønskjer derfor å lage innhald som er tilpassa unge mellom 15 og 18 år med aktuelle tema og ei moderne form med ny, digital historieforteljing.

Tema: Vel eit tydeleg perspektiv innan eitt av desse temaa

  • unge og mediebruk
  • sosiale medium og utanforskap
  • portrett av ungdom

Produser følgjande:

  • ei journalistisk sak med form som digital historieforteljing med fleire medietypar. Lag tittel.
  • minst to grafiske element som illustrasjonar, grafikk eller animasjonar. Desse skal ha ein heilskapleg stil.
  • minst to bilete som skal fylle heile sida, med kort tekst eller sitat som rullar over
  • hovudbilete i breiddeformat
  • minst eitt videoklipp eller ein animasjon som blir integrert i produksjonen

Alt skal lagast på ei nettside og vere publiseringsklart.

Produksjon

Samle dykk i teamet og fordel roller. Sjå på temaa og bestem dykk for vinkling. Begynn med å gjere research og finne moglege kjelder. De må ha både munnlege og skriftlege kjelder. Samle informasjonen i felles delte dokument, og fordel ansvar, sjølv om de alle skal samarbeide om dette.

Start innsamling og produksjon. De skal produsere alt innhaldet sjølv. De kan bruke musikk med CC-lisens om de ønskjer å bruke musikk i filmen.

Ha jamlege møte undervegs, oppdater kvarandre på kva de har produsert, og gi kvarandre hjelp og støtte. Pass på at de bevegar dykk i same retning, og sjå om de skal spisse perspektivet ytterlegare.

Lag ein visuell guide som viser bestanddelane og rekkjefølgja i produksjonen. Skriv inn filnamn på delane som skal vere med i guiden.

Ferdigstilling og levering

Lever ei ferdig oppsett nettside med ønskt design. I tillegg skal de levere ei filmappe med alle filene klare for publisering og den visuelle guiden. Ha god filstruktur i mappa. Skriv eit notat der de gjer greie for val og verkemiddel.

Å gjere ein slik produksjon publiseringsklar inneber at

  • bilete og illustrasjonar er ferdigstilte og har god oppløysing

  • medieinnhald som bilete, grafikk og video ikkje er så store at det tek lang tid å laste dei inn

  • de har ei tydeleg vinkling, og at teksten er reinskriven og tiltalande

  • de fokuserer på målgruppa og utviklar ei visuelt lekker og funksjonell digital historie

  • de har rettar til å vise materialet de bruker, og at de krediterer opphavspersonane

  • dei som medverkar som kjelder, har samtykt til dette og veit i kva samanheng det blir brukt

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021

Læringsressursar

Fleirmedial historieforteljande journalistikk