Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

VG på talentjakt: Er du vår nye fleirmediale historieforteljar?

VG ønskjer ein ny digital historieforteljar og vil at du skal vise fram kva du er god for når det gjeld digital, fleirmedial historieforteljing.
Ung kvinne med krøllete hår ser mot kamera. I bakgrunnen vises en dataskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

VG har utvikla mange fleirmediale, digitale historier. No ønskjer mediebedrifta å få tak i unge, lovande medieprodusentar som kan inngå i team som jobbar med nyskapande digital historieforteljing.

Oppdrag

Du er engasjert av VG for å lage ei mappe der du skal utforske og vise fram mediekunnskapane dine som kan vere relevante i fleirmedial, digital historieforteljing.

Du får no ei rekkje oppgåver du skal løyse. Det er viktig at du strekkjer deg langt for å lage varierte uttrykk. Du skal jobbe mykje med skisser, idéutvikling og testing av nye måtar å løyse ting på.

Du må òg forklare og beskrive kort kva du har gjort og tenkt. Dette kan du gjere i tekstform eller munnleg.

Arbeida skal setjast saman i ein interaktiv PowerPoint eller på ei nettside som du kan setje opp med Adobe Dreamweaver, Adobe Creative Cloud Express, Microsoft Sway, Wordpress eller eit anna program.

Oppgåver til presentasjonsmappe

1. Lag grafikk

Gå inn på ein nettstad som presenterer statistikk, til dømes Statistisk sentralbyrå, og vel ut statistikk om eit emne. Visualiser tal grafisk på minst tre ulike måtar.

2. Portrettbilete

Ta bilete av ein person til hovudsak, og sosiale medium. Før du tek bileta, skal du sjå for deg tema og lage tittel på forteljinga. Gjer publikum interessert ved hjelp av bilete og tittel. Ta bilete i både breidde- og høgdeformat og på minst to ulike stader.

3. Illustrasjonar

Vel eitt av temaa under og lag to illustrasjonar med ulik visuell stil. Du kan velje teknikk sjølv.

  • Siri (17) vart ghosta av venene sine.

  • Han brukte å skulke, no elskar Jon skulen.

  • Stadig fleire unge får pengeproblem.

4. Lag interaktive kart

Lag to interaktive kart som viser minst tre ulike utviklingar/steg. Jobb med skisser før du designar og lagar ei teknisk løysing der du set saman kartet.

5. Lag visuell stil

Ta utgangspunkt i eitt av temaa du har jobba med over, og lag oppsett til nettside. Lag tittel, vel typografi, fargar og visuell stil. Ta inn minst to eigenproduserte døme på grafikk/foto/illustrasjon eller kart. Set saman til eit utkast i ein , eller lag ei nettside der du viser korleis ein del av ei digital fleirmedial forteljing kan sjå ut.

6. Framsidepluggar

Ta utgangspunkt i eitt av temaa du har jobba med i denne oppgåva. Lag minst tre framsidepluggar som kunne ha vorte brukte på fronten til VG.

Framsidepluggane skal handle om éin og same sak, men ha ulike inngangar for å få ut saka til så mange mottakarar som mogleg.

  • Framsideplugg 1: første lansering av saka

  • Framsideplugg 2: cirka 24 timar etter den første, for å få fleire lesarar inn i saka

  • Framsideplugg 3: to–tre månader seinare

Ein framsideplugg kan bestå av eit bilete og ein tittel, berre ein tittel eller det kan vere ein video og tittel. Sei noko om kva du ville ha fjerna når, og kva målgruppe dei passar til.

7. Innlegg til sosiale medium

Lag minst to innlegg til sosiale medium som skal få fleire lesarar til ei digital forteljing med vg.no som hovudflate. Bruk tematikken frå ei av oppgåvene over. Minst eitt av innlegga skal vere ein video på 30–60 sekund.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2021

Læringsressursar

Fleirmedial historieforteljande journalistikk