Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser multimedial journalistikk

Vel ei journalistisk sak og analyser ho.
Person plasserer papirlappar i ulike former og fargar og gule piler på ei flate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Forslag til digitale forteljingar som kan analyserast

Bruk inndelinga nedanfor som disposisjon for analysen din.

1. Informasjon

Skriv tittel, opphavarar og roller, publikasjon og publikasjonstidspunkt. Legg ved lenkje.

2. Innhald og fokus

  • Beskriv kort temaet og forteljinga.

  • Korleis er teksten og forteljinga bygd opp? Viss du kjenner igjen nokre dramaturgiske grep eller modellar, peik på desse.
  • Har forteljinga ein eller fleire sentrale karakterar? Beskriv dei kort og forklar kva slags roller dei har.
  • Kva er anslaget? Forklar på kva måtar det kan eller ikkje kan engasjere potensielle lesarar. Peik på grepa.
  • Kva målgruppe trur du denne forteljinga er meint for? Grunngi og forklar.

3. Medietypar

Skriv ein kort samla tekst om det visuelle uttrykket.

  • Ta for deg eitt og eitt medieelement som forteljinga har, og beskriv dei kvar for seg. Sei noko om teknikk, stil og utforming på bilete, video, grafiske element, lyd og layout.

  • Finn og forklar blikkfanget, komposisjonen og verkemiddel som er brukte. Korleis vil du beskrive den tekniske kvaliteten?

  • Korleis bidreg dei enkelte medieelementa til å formidle historia, samla sett?

4. Brukaroppleving og brukarvenlegheit

Beskriv navigasjonen og brukaropplevinga. Kva val får du som brukar? Kor brukarvenleg er designet? Lag gjerne skisser, grunngi og forklar.

5. Samanfatning

Summer opp hovudtrekka i analysen av den digitale forteljinga. Drøft til slutt:

  • Kva opplever du som gode kvalitetar ved den digitale forteljinga?

  • Kva kunne ha vore gjort på ein betre måte?

  • Kva grep vil du hugse og ta med deg i eigne produksjonar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021

Læringsressursar

Fleirmedial historieforteljande journalistikk