Lag moodboards for ei skulekantine - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag moodboards for ei skulekantine

Skulekantina har nyleg skifta ut kveitebollane med sunn og berekraftig mat. No treng rektor hjelp av deg til å utvikle ein grafisk profil som står i stil til det nye mattilbodet.

Ei berekraftig og sunn kantine med 25 prosent økologisk mat, heilt i tråd med nasjonale retningslinjer. Slik blir mattilbodet i den nye skulekantina, kan rektor stolt fortelje. No treng han hjelp av deg til å oppdatere den grafiske profilen, mellom anna for å kunne trykkje opp nye menyar og plakatar. Det visuelle uttrykket bør kle det sunne mattilbodet og samtidig gi elevane lyst til å bruke kantina.

Slik gjer du

  1. Lag to moodboards med kvar si stilretning du meiner kan fungere på menyane i denne skulekantina. Tenk på kva og til kven du skal selje.
  2. Bestem deg for kva for eit moodboard du meiner fungerer best for målgruppa.
  3. Planlegg ein pitch av det designet du synest fungerer best. Prøv å bruke NABC-metoden i pitchen din!
  4. Set deg i ei gruppe på 4–6 elevar. Gruppa utgjer «vassholet» ditt, der du kan få tilbakemeldingar og forbetringsforslag. Halve gruppa skal fokusere på kva som er bra med ideen som han er, mens den andre halvdelen skal kome med forslag til korleis han kan bli endå betre.
  5. Pitch ideane for kvarandre, og gi tilbakemeldingar.
  6. Bruk tilbakemeldingane til å vidareutvikle ideen og pitchen din.
  7. Presenter den visuelle profilen du har valt, ved å vise fram moodboardet i klassen.

Eigenvurdering og refleksjon

  1. Kor godt lykkast du med å lage moodboards som tydeleg viste kvar si visuelle retning?
  2. Grunngi kvifor du valde det eine moodboardet framfor det andre.
  3. Kva fekk du til, og kva bør du øve på med moodboardet?
  4. Kor godt lykkast du med å bruke NABC-metoden i pitchen din?
  5. Kva fekk du til, og kva bør du øve på med NABC-metoden?
  6. Kva fekk du ut av tilbakemeldingane ved «vassholet», og korleis brukte du dei?
  7. Korleis var det å bruke denne metoden for å planleggje ein presentasjon?
  8. Kva vil du gjere annleis neste gong du får ei liknande oppgåve?

Relatert innhald

Fagstoff
Moodboard

Moodboards visualiserer idear. Saman med tankekart og notat kan dei gjere ideen din meir tydeleg.

Fagstoff
NABC-metoden

NABC-metoden er ein metode for vurdering av idear som set brukarane sine behov i sentrum.

Skrive av Maren Aftret-Sandal og Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2021