NABC-metoden - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

NABC-metoden

Det finst mange ulike måtar å jobbe fram idear på. NABC-metoden er ein metode som kan brukast til å avdekkje behov hos brukarane og utvikle idear. Metoden kan også vere ei hjelp til å vurdere kor gode ideane dine er.

Du har ein idé. Men kan ideen din utviklast til noko meir?

NABC-metoden

NABC-metoden vart utvikla på Stanford Research Institute i USA. Metoden er kjenneteikna ved at han set brukarane og behova deira i sentrum. I tillegg kan han fungere som ei sjekkliste for idear som du har utvikla ved hjelp av andre metodar. Dei fire bokstavane NABC står for kvart sitt kriterium som må blir innfridd for at ein idé skal kunne brukast:

  • N står for behov – need
  • A står for framgangsmåte – approach
  • B står for fordelar – benefits
  • C står for konkurranse – competition

Behov

Kva slags behov har brukarane? Eller viss du allereie har ein idé – er det nokon som treng han? Kven kan målgruppa for ideen vere? Det viktigaste med ein idé er at nokon kan bruke han. Utan nytteverdi er det berre ein god idé som ingen treng. Sjølv om du trur at du kjenner andre sine behov, kan det vere lurt å involvere brukarane eller kundar for å sjekke om dei er einige i vurderingane dine.

Lag spørjeskjema og send rundt, eller gjer intervju med potensielle brukarar. Ikkje ver redd for å gå i djupna når du stiller spørsmål.

Framgangsmåte

Beskriv kva ideen går ut på, og finn ut korleis du bør gå fram for å realisere han. Kva slags aktivitetar og arbeidsmetodar vil fungere best? Korleis støttar ideen din behova til målgruppa?

Fordelar

Kva får brukarane og kundar ut av ideen? Kva kan andre samarbeidspartnarar få ut av ideen? Kva effekt vil han ha? Kva gjer ideen nytenkjande, innovativ, og nødvendig?

Konkurranse

Finn ut av kva konkurrentane gjer. Korleis er verkelegheita som konseptet må fungere i? Vil ideen og konseptet ditt klare seg i konkurranse med andre? Kva slags risiko er knytt til ideen? Finst det alternative løysingar?

Uansett kva slags idémetode du bruker, er det viktig å skilje den kreative idéutviklingsfasen og vurderingsfasen i ein idéprosess frå kvarandre. I idéarbeid er alt lov, mens vurderingsarbeid går ut på å sjå med kritisk blikk på det som kom ut av idéprosessen. Det er ikkje noko i vegen for å gjenta begge fasar fleire gonger, men ikkje på same tid.

Skrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2017