Hopp til innhald

Fagstoff

Del idear på dialogkafé

Dialogkafé kan brukast for å dele idear med kvarandre i eit kreativt prosjekt.
Tre unge menneske sit rundt eit bord på ein kafé og jobbar med fag. På bordet er det ringpermar, skrivebøker og lesebøker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dialogkafé er ein måte å dele idear og oppmuntre til samarbeid på. Ein kan òg bruke dialogkafé som metode som ei oppsummering etter at ein har gjennomgått eit tema.

  1. Set opp rommet som ein kafé med småbord (4–6 deltakarar) og noko å ete og drikke. Legg eit stort papir på kvart bord. På papiret står det eit spørsmål, som gruppa skal snakke om.
  2. Ein ved kvart bord skriv ned tankane som dukkar opp undervegs i samtalen. Etter 10 til 20 minutt byter alle deltakarane grupper, bortsett frå éin, som blir sitjande.
  3. Når dei nye gruppedeltakarane kjem til bordet, forklarer den som sit att, kva den første gruppa har kome fram til, og dei nye kjem med nye idear og perspektiv.

  4. Byt bord til alle har vore innom alle borda.


Relatert innhald

Korleis kan dialog hjelpe oss i kreative prosessar? Vi følgjer studentar i eit samarbeid der dei skal designe ein kniv. Dei deler erfaringar og gode råd.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal, Caroline Nesbø Baker og Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2021

Læringsressursar

Samarbeid i kreative prosessar