Smittespreiing og R-tal - Matematikk 1P-Y - SR - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Smittespreiing og R-tal

Kor raskt spreier smitte seg i ei befolkning? R-talet er eit mål på det. Du kan gjere oppgåvene både før og etter at du har prøvd spelet "Smitteutbrudd i Kongsland!". Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Spelet "Smitteutbrot i Kongsland!"

I spelet får du oppleve eit smitteutbrot. Oppgåva er å gjennomføre tiltak for å hindre at smitten breier seg og samtidig unngå at tiltaka får for store konsekvensar for økonomien og tilliten befolkninga har til styresmaktene.

I spelet er det gått ut frå at kvart tiltak verkar uavhengig av andre tiltak som blir gjennomførte samtidig. Dette er ei forenkling og ikkje nødvendigvis slik det ville ha fungert i verkelegheita.

Då er det berre å setje i gang!

Lenke til synstolka versjon

Kva er R-talet?

I samband med koronapandemien har det vorte snakka mykje om det såkalla R-talet eller reproduksjonstalet. Ein skil mellom basalt reproduksjonstal og effektivt reproduksjonstal. Her vil vi ikkje gå inn på desse skilnadene. For oss held det å vite at er kor mange nye smitta i gjennomsnitt éin smitta person klarer å smitte i ei befolkning.

Oppgåve 1

Vi tenker oss no at 4 personar har vore på ferie i utlandet. Dei får symptom på sjukdom. Etter ei veke heime er 10 nye personar smitta med den same sjukdommen.

a) Kor mange nye smitta vart det i gjennomsnitt per smitta person i den første veka?

Løysing

Vi må dele talet på nye smitta på dei 4 som var smitta i første runde.

104=2,5

Kvar smitta person smitta i gjennomsnitt 2,5 nye personar i løpet av den første veka. Ein annan måte å seie det på er at det er i gjennomsnitt 2,5 nye smitta per smitta person.

b) Vi ønsker å sjå nærare på talet på nye smitta etter ei veke.

Kva blir vekstfaktoren for auken i talet på nye smitta?

Tips til oppgåva

Hugs korleis vi bruker vekstfaktoren:

Ny verdi = gammal verdi · vekstfaktor

Løysing

Vi reknar ut vekstfaktoren ved å ta ny verdi og dele på gammal verdi. Dette blir nøyaktig same reknestykke som i oppgåve a).

Vekstfaktoren for auken i talet på nye smitta er 2,5.

c) Kva blir R-talet for denne utviklinga i smitte?

Løysing

Vi har rekna ut R-talet i oppgåve a) (og b)). R-talet for denne utviklinga er 2,5.

d) Kva betyr det at R-talet er større enn 1?

Løysing

At R-talet er større enn 1, betyr at vekstfaktoren for endringa i talet på nye smitta er større enn 1. Det betyr at kvar smitta person i gjennomsnitt smittar meir enn 1 ny person. Det betyr at det blir fleire nye smitta enn den førre runden, som igjen betyr at smitten aukar.

e) Kvifor opererer vi med ei veke her?

Forklaring

Vi har eigentleg gått ut frå at ein smitta person er smitteførande i ei veke. Etter det vil ikkje personen kunne smitte andre.

f) Kor mange nye smitta vil det bli i løpet av den andre veka dersom R-talet heile tida er 2,5?

Løysing

Her kan vi rekne med vekstfaktor på vanleg måte. For kvar veke aukar talet på nye smitta med ein faktor 2,5. Talet på nye smitta i løpet av den andre veka blir

10·2,5=25

Alternativt kan vi ta utgangspunkt i dei 4 som var smitta først og multiplisere med vekstfaktoren 2 gonger sidan det går 2 veker.

4·2,5·2,5=4·2,52=25

Det vil bli 25 nye smitta i løpet av den andre veka.

g) Kor mange nye smitta vil det bli i løpet av den 5. veka dersom R-talet heile tida er 2,5?

Løysing

Vi reknar med vekstfaktor på vanleg måte, som betyr at for kvar veke aukar talet på nye smitta med ein faktor 2,5. Talet på nye smitta i løpet av den 5. veka blir

4·2,55=391

h) Kor lang tid tek det før talet på nye smitta passerer 10 000?

Løysing

Vi set opp ei likning der talet på nye smitta etter x veker er lik 10 000 og løyser oppgåva med CAS i GeoGebra.

4·2,5x=10 000

Etter den niande veka vil talet på nye smitta ha passert 10 000 dersom R-talet er 2,5.

R-talet og tiltak mot smittespreiing

Under koronapandemien innførte alle land tiltak for å redusere R-talet, det vil seie tiltak mot smittespreiing.

Kvifor vart slike tiltak gjennomført?

Forklaring

Tiltaka vart i hovudsak gjennomført for at det ikkje skulle bli for mange smitta samtidig, noko som betyr at mange får behov for å bli innlagd på sjukehus samtidig, og sjukehuskapasiteten kan fort bli sprengd. I starten visste vi ikkje heller heilt sikkert kor farleg sjukdommen var.

Du kan lese meir om dette i artikkelen "Smittespreiing – modellar".

Oppgåve 2

I pandemispelet har du rolla som ansvarleg for å innføre tiltak mot aukande smitte. I spelet vil til dømes tiltaket krav om munnbind gi ein reduksjon i R-talet på 20 prosent, ifølge informasjonen i spelet.

a) Dersom R-talet er 2,5, kva forventar ein at R-talet vil bli ved å innføre krav om munnbind?

Løysing

Ein reduksjon på 20 prosent betyr at vekstfaktoren for endring i R-talet er

1-20100=1-0,2=0,8

Det nye R-talet blir då

2,5·0,8=2,0

b) Dersom styresmaktene i spelet krev at R-talet skal reduserast frå 2,5 til 1,5, kor mange prosent må R-talet reduserast?

Løysing

Vi reknar ut vekstfaktoren for endringa, som er ny verdi delt på gammal verdi.

1,52,5=0,6

Klarer du å sjå kva for ein prosentvis nedgang som gir ein vekstfaktor på 0,6? Vi kan rekne det ut ved å setje dette inn i formelen for vekstfaktor ved ein nedgang, og vi set x lik den ukjende prosenten vi skal finne.

1-x100 = 0,6-x100 = 0,6-1x100·100 = 0,4·100x = 40

Vi kan òg løyse likninga med CAS.

Ein nedgang i R-talet frå 2,5 til 1,5 gir ein vekstfaktor på 0,6, noko som svarer til 40 prosents nedgang. R-talet må reduserast med 40 prosent.

Som ansvarleg for å innføre tiltak mot smittespreiing kan du på eit tidspunkt i spelet velje mellom desse tiltaka:

Smitteverntiltak

Tiltak

Reduksjon i R-tal

Handhygiene

10 %

Stenge ned restaurantar og barar

15 %

Stenge ned skular

20 %

Krav om munnbind

20 %

Krav om kontinuerleg nedvasking

5 %

Reiserestriksjonar

10 %

c) Held det å stenge ned skular og innføre krav om munnbind dersom R-talet skal reduserast med 40 prosent? Forklar.

Løysing

Sjølv om summen av prosenttala for tiltaka stenge ned skular og krav om munnbind er 40, gir desse tiltaka mindre enn 40 prosents reduksjon i R-talet. Vi kan forklare dette slik:

20 prosents reduksjon i R-talet for tiltaket stenge ned skular betyr at kvar smitta person i gjennomsnitt smittar 20 prosents færre andre personar. Ein ny 20 prosents reduksjon på grunn av tiltaket krav om munnbind gir ein ny 20 prosents reduksjon av eit allereie redusert R-tal. Dette gjeld i alle fall om tiltaka blir innførte med lang nok tid etter kvarandre, og som ei tilnærming seier vi at dette gjeld òg om tiltaka blir innførte samtidig.

Det betyr vidare at vi først får ein 20 prosents reduksjon for det eine tiltaket, for deretter å få ein ny 20 prosents reduksjon for det andre. Vekstfaktoren for 20 prosents reduksjon er 0,8. Total vekstfaktor for dei to endringane blir

0,8·0,8=0,64

Ein (total) vekstfaktor på 0,64 svarer til ein (total) prosentvis nedgang på 36 prosent.

d) Held det å innføre krav om kontinuerleg nedvasking i tillegg til dei to andre tiltaka for at reduksjonen skal bli på 40 prosent totalt sett?

Løysing

Tiltaket krav om kontinuerleg nedvasking gir 5 prosents reduksjon i R-talet, noko som betyr ein vekstfaktor på 0,95. Den totale vekstfaktoren for dei tre tiltaka blir

0,64·0,95=0,608

Den totale vekstfaktoren kan maksimalt vere 0,6 for at det skal vere ein reduksjon på minst 40 prosent. Det vil seie at det berre nesten held med desse tre tiltaka.

e) Kva blir vekstfaktoren dersom du vel eit tiltak som gir 10 prosents reduksjon i R-talet (til dømes tiltaket handhygiene) saman med dei to tiltaka 20 prosent? Er det det nok til å gi ein reduksjon i R-talet på minst 40 prosent?

Løysing

Vekstfaktoren for tiltaket handhygiene blir 0,9. Den totale vekstfaktoren blir

0,64·0,9=0,576

Den totale vekstfaktoren er mindre enn 0,6, og då er reduksjonen i R-talet større enn 40 prosent.

Oppgåve 3

a) Vi går ut frå at R-talet er 1,25. Styresmaktene krev at det blir innført tiltak som gjer at R-talet blir redusert med minst 0,3. Kor mange prosent reduksjon i R-talet svarer dette til?

Løysing

Her skal vi finne ut kor mange prosent 0,3 er av 1,25.

0,31,25=0,24=24 %

Reduksjonen i R-talet må vere på minst 24 prosent.

b) I tabellen nedanfor har vi ein tom kolonne med overskrifta "Vekstfaktor". Fyll ut tabellen. Vel deretter tiltak frå tabellen som gjer at reduksjonen i R-talet blir minst 24 prosent, men helst ikkje så mykje meir enn det. (Hugs at folk blir sure dersom det blir innført for mange og strenge tiltak.)

Smitteverntiltak og vekstfaktor

Tiltak

Reduksjon i R-tal

Vekstfaktor

Handhygiene

10 %

Stenge ned restaurantar og barar

15 %

Stenge ned skular

20 %

Krav om munnbind

20 %

Krav om kontinuerleg nedvasking

5 %

Reiserestriksjonar

10 %

Løysing
Smitteverntiltak og vekstfaktor

Tiltak

Reduksjon i R-tal

Vekstfaktor

Handhygiene

10 %

0,9

Stenge ned restaurantar og barar

15 %

0,85

Stenge ned skular

20 %

0,8

Krav om munnbind

20 %

0,8

Krav om kontinuerleg nedvasking

5 %

0,95

Reiserestriksjonar

10 %

0,9

Vi må i alle fall velje minst to tiltak. Først prøver vi om det held med tiltak der summen av prosenttala er 25.

Smitteverntiltak og reduksjon i R-talet

Tiltak

Total vekstfaktor

Prosent reduksjon i R-talet

Handhygiene og stenge ned restaurantar og barar

0,9·0,85=0,765

1-0,765·100 %=23,5 %

Handhygiene, krav om kontinuerleg nedvasking og reiserestriksjonar

0,9·0,95·0,9=0,7695

1-0,7695·100 %=23,05 %

Vi kan kombinere prosenttal på 10 og 15 eller prosenttal på 10, 5 og 10 for at summen av prosenttala skal bli 25. Vi ser at ingen av desse kombinasjonane av tiltak gir stor nok reduksjon i R-talet. Då må vi velje tiltak der summen av prosenttala er 30.

Smitteverntiltak og reduksjon i R-talet

Tiltak

Total vekstfaktor

Prosent reduksjon i R-talet

Handhygiene og stenge ned skular

0,9·0,8=0,72

1-0,72·100 %=28 %

Handhygiene, stenge ned restaurantar og barar og krav om kontinuerleg nedvasking

0,9·0,85·0,95=0,72675

1-0,72675·100 %=27,33 %

Vi kan kombinere prosenttal på 10 og 20 eller prosenttal på 10, 15 og 5 for at summen av prosenttala skal bli 30. Begge desse tiltaka gir meir enn 24 prosents reduksjon i R-talet, men det er kombinasjonen av tiltak med prosenttala 10, 15 og 5 som kjem nærast kravet om 24 prosents reduksjon.

Oppgåve 4

På eit tidspunkt er det 36 nye smitta personar. R-talet er 1. Styresmaktene krev no at talet på nye smitta personar neste veke skal vere mindre enn 21.

Kva må R-talet vere då? Vel tiltak for å oppnå dette etter tabellen nedanfor. Som i oppgåva over gjeld det å ikkje innføre strengare tiltak enn nødvendig.

Smitteverntiltak

Tiltak

Reduksjon i R-tal

Sosial distansering

15 %

Portforbod

40 %

Stenge kollektivtransport

5 %

Lockdown

70 %

Reiserestriksjonar

20 %

Løysing

Vi byrjar med å finne det nye R-talet, som er lik kor mange personar i gjennomsnitt kvar smitta person klarer å smitte.

R-talet =2136=0,583

Vi må finne ut kor mange prosent R-talet har endra seg. Vi finn først vekstfaktoren for endringa, som er nytt R-tal delt på gammalt R-tal.

0,5831=0,583

Legg merke til at sidan det opphavlege R-talet var 1, vart vekstfaktoren for endringa i R-tal lik det nye R-talet.

Så må vi finne ut kor mange prosent denne vekstfaktoren svarer til.

1-x100 = 0,583-x100 = 0,583-1x100·100 = 0,417·100x = 41,7

Ein vekstfaktor på 0,583 betyr at R-talet søkk med 41,7 prosent. Så mykje må R-talet søkke for at kravet til styresmaktene skal oppfyllast.

Dei tre tiltaka som gir lågast reduksjon i R-talet, har sum prosenttal 15+5+20=40. Det vil i alle fall ikkje vere nok til å oppfylle kravet om 41,7 prosents reduksjon. Vi må altså velje anten portforbod eller lockdown. Med lockdown kjem vi langt over det som er kravd, så vi satsar først på kombinasjonen portforbod (vekstfaktor 0,6) og stenge kollektivtransport (vekstfaktor 0,95). Den totale vekstfaktoren blir

0,6·0,95=0,57

Dette svarer til ein reduksjon i R-talet på

1-0,57=0,43=43 %

Då har vi fått ein reduksjon i R-talet som er litt større enn kravet. Andre kombinasjonar av tiltak vil gi større reduksjon (og kanskje meir misnøye i befolkninga).

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.

Relatert innhald

Skrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2023