Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Plast i naturen – plogging

Kvart einaste minutt hamnar det mykje plast i havet. Tala rundt kor mykje plast som finst i havet, er usikre. Det som likevel er heilt sikkert, er at kvar og ein av oss kan gjere noko. Plogging er eitt tiltak.
Søppel ved ein benk i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plast på avvege i naturen skyldast menneskeleg aktivitet. Landbruk og industri er kjelder, i tillegg kjem det ein del plast frå hushald. Mykje av plasten på land hamnar i bekkar og elver ved hjelp av vinden. Vidare blir plasten med elva ut i ein innsjø, og til slutt renn det ut i havet.

Plogging

I 2018 var svenske Erik Ahnström lei av forsøpling i Stockholm. Han starta derfor å jogge og plukke søppel samtidig. Slik oppstod ein ny type aktivitet som fekk namnet "plogging". Denne aktivitetsforma er bra for både folkehelsa og for miljøet.

Oppgåve 1. Førebuing

Vel deg ut ein runde i nærmiljøet som du kan jogge. Ta med deg ein liten pose til søppelplukking i lomma. Legg gjerne turen innom eit skogområde, om det er mogleg.

Oppgåve 2. Gjennomføring

Jogg og plukk søppel samtidig.

Ikoner som forestiller ulike typer avfall på turkis bakgrunn med bobler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3. Vurder

Ta utgangspunkt i biletet over med nedbrytingstid av plast.

  • Gå igjennom søpla du har funne. Vurder kor søpla kjem ifrå, og kor lang tid det vil ta å bryte ned denne typen plast.
  • Er det i orden å kaste avfall i naturen som har kort nedbrytingstid? Som bananskal og dopapir?

Oppgåve 4. Diskuter

  • Diskuter kva for konsekvensar det kan ha for nærmiljøet, friluftslivet og naturopplevinga om søppelet blir liggjande.
  • Kva for konsekvansar kan forsøpling ha for miljøet globalt sett?

Oppgåve 5. Finn ut

Ta utgangspunkt i ressursen under og finn ut:

  • Kva seier allemannsretten om søppel i naturen?

Oppgåve 6. Tiltak

Foreslå ei løysing på utfordringa med søppel i nærmiljøet som gjer at folk blir motiverte til å ta med søpla heim. Sjå døme nedst i ressursen.

Relatert innhald

Friluftslova og allemannsretten er lovverk som gjer at du har rett til å ferdast ute i naturen, men det er nokre reglar du må rette deg etter.

Aktuelle lenker

Kystlotteriet

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2020

Læringsressursar

Naturferdsel