Hopp til innhald

Fagstoff

Pakking av ryggsekk

Når du skal velje sekk, bør du finne ein sekk etter bruksområde og størrelsen på ryggen din. Her skal du få vite litt meir om kva for sekk du bør velje, korleis du kan tilpasse sekken til ryggen din, og korleis du kan pakke sekken når du skal på overnattingstur.

Val av, tilpassing og pakking av ryggsekk

Det finst mange sekkar på marknaden. Når du skal velje sekk, bør du finne ein sekk etter bruksområde og etter størrelsen på ryggen din. Her skal du få vite litt meir om kva for sekk du bør velje, korleis du kan tilpasse sekken til ryggen din, og korleis du kan pakke sekken når du skal på overnattingstur.

Val av ryggsekk

Du kan finne veldig mange sekkar i ulike variantar og størrelsar. Jo lengre du skal gå og jo tyngre du skal bere, jo viktigare er det at du har ein sekk som passar din rygg. Ein storsekk bruker du når du skal på overnattingstur og ha med deg mykje utstyr.

Ein dagstursekk på 30–40 liter treng du når du skal på tur i fjellet, der vêret kan skifte og du treng å ha med deg ekstra klede og sikringsutstyr for å betre tryggleiken. Ein slik sekk har ofte kraftigare beresystem som eignar seg for å bere litt tyngre. Ein dagstursekk på 10–20 liter passar når du ikkje treng å ha med deg så mykje, når du er i låglandet eller er på ein kort tur og ikkje skal bere så tungt. Denne sekken har eit annleis beresystem, har mindre polstring og eignar seg dårlegare til å bere tungt.

Justering av sekken

Uansett kva for sekk du ønskjer å bruke, tilrår vi ein sekk med reguleringsmoglegheiter. Brystreim, hoftebelte og skulderreim gjer at du kan justere sekken og tilpasse den til din kropp. Når du skal velje storsekk, må du finne ein sekk etter størrelsen på kroppen og ryggen din. Det er lurt å låne sekk av nokon viss du ikkje ønskjer å kjøpe ein sjølv, men sørg for at den passar til deg, elles kan du fort få vondt i nakke, hofte eller rygg.

Nokre sekkar har rygg du kan justere, og viss du trur at du framleis kjem til å vekse ein del, kan dette vere eit godt alternativ. Elles er det lurt å finne ein sekk som har riktig lengde til deg no. Låge personar bør velje mindre sekkar. Du kan få tak i storsekkar frå rundt 65 til 120 liter.

Det finst også eigne damemodellar. Dei er utforma med annleis brystreim, hoftebelte og skulderreim. Jenter kan også bruke “herresekkar”, men desse er ofte litt større. Fordelen med større sekk er at du får plass til meir, ulempa er at det fører til at vekta på sekken går opp. Ei tilråding er at du ikkje bør bere meir enn ⅓ av kroppsvekta di for at turen skal vere komfortabel.

Korleis tilpasse sekken til ryggen din?

Korleis pakke sekken?

Når du skal pakke sekken, er det viktig å plassere utstyret på riktig stad. Som eit utgangspunkt kan du tenkje at det tyngste utstyret skal nedst i sekken og liggje inn mot ryggen. Dette er fordi vi gjerne vil ha tyngdepunktet på sekken så lågt og så tett inntil ryggen som mogleg.

Om du har pakka det tyngste øvst i sekken, vil tyngdepunktet bli høgt oppe i sekken. Dette gjer sekken meir ustabil, og det stiller større krav til balansen når du beveger deg. Viss du har pakka det tyngste bakarst i sekken, vil tyngdepunktet på sekken bli langt bak, noko som vil gjere sekken baktung.

Du bør også tenkje på å leggje utstyr du ikkje treng med ein gong, som til dømes telt, nedst i sekken. Det du vil trenge i løpet av dei første timane på tur, bør du ha lett tilgjengeleg i sekken.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly, Ragnhild Kjeldsen og Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2019

Læringsressursar

Naturferdsel