Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis gå på do ute i naturen?

Du er ute på tur og kjenner plutseleg at du må på do. Korleis skal du gå fram? Kvar skal du gå, og kva skal du gjere med avfallet?
Ein dorull står oppå ein stein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugs å pakke med deg dopapir

Når ein er ute på tur i to eller fleire dagar, er det naturleg at ein har behov for å gå på do. Det går fint an å gå på do i naturen, men hugs sporlaus ferdsel, det betyr at ein ikkje skal kunne sjå at du har vore der. Det skal vere like fint, eller helst endå litt finare enn då du kom, ta derfor gjerne med deg ting som andre har gløymt.

Slik går du fram

  1. Finn deg ein plass litt bort frå folk og sti, og minst 100 meter unna bekker og elver. Fjern torv og lyng eller ein stor stein. Grav bort litt av jorda. Ta vare på dette, då du skal leggje det på plass att etterpå.
  2. Bruk holet når du går på do. Putt dopapiret i ein plastpose, ta det med deg og kast det i den første søppelkassen du finn. Om det ikkje er tørt og skogbrannfare, kan du tenne på dopapiret. Hugs det generelle bålforbodet mellom 15. april og 15. september. Om du er usikker på om det er skogbrannfare, lèt du alltid vere å tenne på papiret.
  3. Legg på plass jorda, deretter torva og lyngen eller steinen du fjerna. Dekk godt til, det er ikkje noko triveleg å kome til ein plass der du finn restar av avføring og brukt dopapir.
  4. Om du er på tur med ei stor gruppe, kan det vere lurt å ha eit felles do. Dette kallar vi latrine. Grav eit stort hol, bruk holet som do, fyll det att når de skal gå, og dekk til med torv og lyng.

Ikkje kast våtserviettar i naturen

Våtserviettar er ikkje nedbrytbare, om du bruker våtserviettar når du er på tur, må du alltid ta med deg dei brukte serviettane. Putt dei i ein plastpose og kast i den fyrste søppelkassen du kjem til. Det same gjeld bomullspinnar, tanntråd, bind og tampongar. Dette inneheld plast og vil bruke veldig lang tid på å bli brote ned av naturen, ta det derfor med deg til nærmaste søppelkasse.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2022

Læringsressursar

Naturferdsel