Hopp til innhald

Fagstoff

Lovverk – kva har eg lov til?

Friluftslova og allemannsretten er lovverk som gjer at du har rett til å ferdast ute i naturen, men det er nokre reglar du må rette deg etter. Her skal du få vite meir om både rettar og plikter.

Føremål

Friluftslova kom i 1957. Vi er svært heldige som har ei lov i Noreg som gir oss rett til å ferdast i naturen. Føremålet med å ha ei slik lov er å sikre at alle som ønsker, kan ferdast og opphalde seg i naturen. Det er i samfunnet si interesse at mange driv med friluftsliv på fritida, fordi friluftsliv er ein fritidsaktivitet som kan fremme helsa og trivselen vår.

Allemannsretten og sporlaus ferdsel

Allemannsretten betyr at alle har rett til å bruke naturen, dette er nedteikna i friluftslova. Med rettar kjem også plikter. Du pliktar å rette deg etter bestemmingane i friluftslova, og du pliktar å opptre omsynsfullt overfor både naturen og folk du møter på.

Du pliktar også å rydde opp etter deg, dette heiter sporlaus ferdsel. Sporlaus ferdsel handlar om at vi ikkje skal legge att spor etter oss i naturen. Dette er viktig, fordi vi ønsker at dei som kjem etter oss og skal leve lenger enn oss, også skal få oppleve urørt natur.

Du kan lese meir om sporlaus ferdsel på Norsk Friluftsliv sine nettsider.

Under kan du finne ut meir om allemannsretten. Klikk på +-teikna for å få opp meir informasjon om kva du kan og ikkje kan gjere.

Allemannsretten – innmark og utmark

Allemannsretten – kva er lov?

Allemannsretten – skøyter

Allemannsretten – kva er lov?

Allemannsretten – hausting

Allemannsretten – kvar kan eg bade?

Oppsummering
  • Utmark er udyrka mark og alt som ikkje reknast som innmark. Skog og fjellområde blir rekna som utmark. Du kan ferdast i utmark til fots heile året, så lenge du opptrer omsynsfullt.
  • Innmark er gardsplass, hustomt, dyrka mark og engslått. Innmark er også område med udyrka mark som er inngjerda saman med dyrka mark eller engslått. På innmark kan du berre ferdast når marka er frosen eller snølagt, og ikkje i tidsrommet frå 30. april til 14. oktober.
  • Du har lov til å telte i naturen, men du må setje opp teltet minst 150 meter frå hus eller hytte det bur folk i. Du kan telte inntil to døgn på den same plassen.
  • Du kan ferdast fritt på sjøen med båt både med og utan motor. Du kan også ferdast fritt på ferskvatn og vassdrag med båt utan motor. På vatn som er større enn 2 km², kan du bruke motorbåt om grunneigaren ikkje forbyr det.
  • Du kan tenne bål i utmark heile året utanom perioden 15. april til 15. september. Om det er heilt sikkert at det ikkje kan bli brann, kan du tenne bål også mellom 15. april og 15. september. Om du er usikker, bør du la vere. Du kan tenne bål i same periode i innmark om du har løyve av grunneigar.
  • Du kan fiske gratis i ferskvatn etter innlandsfisk i perioden 1. januar til 20. august om du er under 16 år. Er du over 16 år, må du løyse fiskekort. Du kan fiske i sjøen både frå land og frå båt, men det finst nokre unntak. Set deg inn i reglane før du drar på fisketur.
  • Du kan ferdast på skøyter i utmark på same måte som du kan ferdast til fots. Det betyr at du kan gå på skøyter på islagde ferskvatn og sjøis. Hugs å sjekke tjukkleiken, og ha respekt for isen.
  • I utmark kan du sykle på vegar og stiar i låglandet. I høgfjellet kan du sykle overalt, men stien og underlaget må tole at du syklar der. I innmark kan du sykle på vegar og stiar som fører til utmark. Hugs å vise omsyn til andre.
  • Du kan plukke blomstrar så lenge bestanden ikkje er truga. Om du vil plukke med deg stein, røter, torv, mose, never og liknande, må du spørje grunneigaren. Du kan likevel plukke med deg små mengder steinar, røter, torv, mose, never og liknande til dekorasjonar og kransar til eige bruk.
  • Du kan plukke bær og vill sopp om ikkje bestanden er truga. Du kan også plukke ville nøtter, som du må ete der du plukkar dei. Molter frå Finnmark kan du plukke til eige bruk, molter frå Nordland og Troms kan du plukke og ete der du plukkar dei, om ikkje grunneigaren har sett opp forbodsskilt som seier noko anna. Elles i Nordland, Troms og i resten av landet kan du plukke molter fritt.
  • Du kan bade fritt i utmark. Det betyr at du kan bade i både ferskvatn, elv og sjø frå båt, strender, holmar, skjær og så vidare. Du må likevel halde deg i rimeleg avstand frå hus og hytter det bur folk i.

Lenkesamling


CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2019

Læringsressursar

Naturferdsel