Hopp til innhald

Fagstoff

Fagdag i naturferdsel, vg2

Når du planlegg og gjennomfører eigen tur, lærer du utruleg mykje, både om deg sjølv og om naturen og friluftsliv. No er det tid for å øve og å dra på tur på eiga hand.
To ungdommar med ryggsekk på tur i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne ressursen er det overordna målet at de skal ha nok kunnskap om og føle dykk trygge nok på opphald i naturen til at de kan dra på tur på eiga hand. I tillegg er målet at de skal få eit godt forhold til naturen og naturferdsel. Det er lagt opp til ein naturleg progresjon frå Vg1 til Vg2, der de tek utgangspunkt i dei same læringsmåla som i Vg1 og jobbar vidare med desse.

4 timar fagdag i eit skogsområde i nærområdet + 4 timar fagdag på tur, to og to

Rettleiing til læraren
  • Utgangspunktet for dette opplegget er at elevane skal øve på basiseigenskapar som er viktige for å kunne dra på tur på eiga hand den første fagdagen, for deretter å dra på tur saman, to og to, den andre fagdagen.
  • Den første fagdagen er lagd opp som stasjonsundervisning og fungerer som ei førebuing til den neste fagdagen. For at elevane skal bli godt kjent med eit skogsområde, kan det vere ein fordel å bruke det same skogsområdet som i Vg1.
  • Det er fire postar, del derfor elevane inn i fire grupper. Bruk om lag 30 minutt per stasjon.

Tips til vellykka opplegg

  • Bestem kven som skal dra på tur saman i god tid før den første fagdagen.
  • Hjelp elevane med å starte tankeprosessen rundt aktuelle turdestinasjonar og innhald i turplanen før den første fagdagen, då går planlegginga mykje enklare.
  • Ha ein samtale om vurdering og innhaldet i videoinnleveringa før den første fagdagen.
Læringsmål

Eleven skal...

  • få ei god oppleving av å vere ute i naturen
  • planleggje, gjennomføre og evaluere ein enkel tur, to og to saman
  • kle seg riktig og forklare kvifor dette er riktig
  • lese kart og orientere seg etter leielinjer i kjent og ukjent terreng
  • fyre bål og gjere vurderingar rundt bålfyring
  • lage enkel mat på bål
  • ta omsyn til naturen og sporlaus ferdsel

4 timar fagdag i eit skogsområde i nærområdet

Stasjonar

På-veg-til-leirplass-post

Gå gjennom eit skogsområde på 100–200 meter åleine. Strekket kan gjerne vere merkt med raude band eller liknande. Følg merkinga. Bruk sansane. Kva sansar du? Kva luktar du? Kva ser du? Kva høyrer du? Korleis er det å røre seg?

Post 1. Bålfyring

Førebuing: Sjå videoen om Bålfyring (NDLA).

  • De skal fyre eit bål, to og to.
  • Følg trinn-for-trinn-lista under.
  1. Finn ein eigna plass, helst ein etablert bålplass.
  2. Finn fram ved og opptenningsved (små tørre grankvistar, bjørkenever).
  3. Legg eitt lag med ved i botnen, bygg opp med ved på sida, legg opptenningsveden i midten og eit nytt lag med oppkløyvd ved på toppen. Sørg for at det er nok luft mellom laga. Tenn på.
  4. Følg med på bålet ditt, legg på meir ved når det er nødvendig.
  5. Før du bestemmer deg for å avslutte, bør du brenne ut all veden. Legg derfor ikkje på meir ved enn det som er nødvendig.
  6. Sørg for å sløkkje bålet skikkeleg. Hell på rikeleg med vatn. Kjenn etter med handa at bålet er sløkt.

NB! Hugs å ta ansvar for bålet ditt heile tida. Ikkje gå ifrå det! Ta omsyn til sporlaus ferdsel og rydd bort alle bålrestar etter at du har sløkt, slik at det ikkje er spor etter bålet når du går.

Post 2. Matlaging

Lag mat på bålet ditt. Bruk gjerne artikkelen Mat på tur (NDLA). Her kan du utfordre deg sjølv og sjå om du meistrar noko anna enn å grille pølser. La bålet brenne ei stund, før du lagar mat på det. Då har du meir glør, bålet har stabil varme, og det held lengre utan at du treng å leggje på ved så ofte.

Post 3. Kart og kompass

Diskuter i gruppa, eventuelt òg med faglærar. Bruk gjerne to ulike kart for å svare på oppgåvene, til dømes eit orienteringskart og eit turkart, begge bør dekkje området fagdagen går føre seg på.

  • Kva betyr det at målestokken er 1:25 000, 1:50 000, 1:100 000?
  • Kor mange meter er dette i røynda?
  • Kva er grønt, blått og brunt på kartet?
  • Korleis ser ein stein ut på kartet?
  • Kva betyr det at ekvidistansen er 20 meter?

  1. Orienter kartet ved hjelp av kompasset, slik at kartet stemmer med terrenget og er orientert mot nord.

  2. Leielinjer er detaljar på kartet som er lette å følgje i terrenget. Få eit døme frå kartet av faglæraren din! Kan du finne fleire døme på det på kartet?

  3. Gå ein runde i ei merka løype med eit kart over området. (Løypa kan vere merkt i terrenget med til dømes raude band.) Følg merkinga og merk av på kartet der du finn ein orienteringspost. Legg merke til kva detaljar som finst der o-posten er.

Post 4. Turplanlegging

Du skal dra på ein dagstur saman med ein medelev. Her kan du planleggje turen din. Ta utgangspunkt i punkta under for å komme i gang med planlegginga. Nærare skildring av innhaldet i turplanen kan du sjå under "4 timar fagdag på tur, to og to".

  • Kart: Kvar skal du dra på tur? Start, ruteval, lunsjplass, destinasjon, avslutning. Hugs at du skal gå minimum 2 kilometer, og at du skal gå delar av strekninga på sti.
  • Målestokk og avstand: Kor langt skal du gå? Kva er målestokken på kartet? Finn ut kor langt du skal gå både fram og tilbake.
  • Destinasjon: Korleis er det å fyre bål der du skal vere? Kva kan du lese ut av kartet? Kva veit du? Er det i nærleiken av vatn, er det mykje tre? Kva omsyn må du ta her når du skal fyre bål?
  • Mat: Kva skal du ete? Kva skal du ha med for å lage mat på bålet? Må du førebu noko heime?
  • Utstyrsliste: Kva skal du ha på deg? Kva skal du ha med deg?

4 timar fagdag på tur, to og to

Du og ein klassekamerat skal planleggje ein tur til eit skogsområde i nærområdet, som de kan gjennomføre denne fagdagen og evaluere i etterkant. Innhald i turplanen:

  • De skal sjølv finne kart over området. Finn eit ordentleg kart, då kart på telefonen er mindre påliteleg på grunn av krav til batteri og dekning. Hugs å utfordre dykk sjølve når det gjeld avstand å gå og dessutan det å oppsøkje nye plassar.
  • Finn ut korleis de kan kome dykk til startpunktet. Må de bruke buss, tog, sykkel eller gå?
  • Planlegg ruta de skal gå, og rekn ut avstanden de skal flytte dykk basert på målestokken på kartet de skal bruke.
  • De skal gå minst 2 kilometer fram til "leirplassen". Delar av strekninga må vere på sti.
  • De skal etablere bålplass (om det ikkje alt finst ein), fyre opp bål og lage ein enkel matrett på bålet. Prøv å utfordre dykk sjølve til å lage litt meir avansert enn å grille pølser, hamburgar eller ostesmørbrød.
  • De skal sløkkje bålet og rydde ordentleg opp. De skal ta omsyn til sporlaus ferdsel, og gjerne gjere det endå finare enn då de kom! Eitt tips er å brenne ut all veden før de sløkkjer, då slepp de å fjerne brende vedkubbar.
  • De skal ta bilete og film frå turen.

Vurdering

For at det skal skje læring, må du jobbe med noko, omarbeide det og gjerne òg reflektere over kva du har gjort i etterkant ved å formidle det med eigne ord. Ved å lage ei digital forteljing med video, bilete, tekst, stemme og musikk kan du setje eit personleg preg på innleveringa. Og ved å formidle noko til nokon andre, som er det som skjer når du lagar ein video, får du omarbeidd det du har jobba med endå ein gong. Sjå punkta under for meir detaljert skildring.

  • Det er ei individuell oppgåve.
  • Ha med bilete og film frå heile turen: fotturen, leirplassen, bålet, maten og sporlaus ferdsel.
  • Reflekter rundt kva som gjekk bra, og kva som ikkje gjekk så bra. Grunngi svara dine.
  • Fortel om korleis det var å dra på tur åleine, to og to.
  • Trekk inn skildringar frå sanseoppgåvene på den første fagdagen. Kva sansa du når du gjekk sakte gjennom skogsområdet (syn, høyrsle, lukt, merksemd)? Korleis var det å røre seg?
  • Vurder deg sjølv i læringsmåla.
  • Forklar kva du legg i ordet "berekraftig" og reflekter rundt ordet i samanheng med naturoppleving. Kva tenkjer du det betyr å drive med berekraftig friluftsliv?
  • Filmen skal innehalde både film, bilete, stemme og tekst.
  • Varigheit på filmen: 5–15 minutt

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2020

Læringsressursar

Naturferdsel