Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftig friluftsliv

Aldri før har fleire brukt naturen til turar og rekreasjon. Folk har strøymt til fjellet og marka dei siste åra. At fleire bruker naturen, betyr likevel ikkje at fleire ønsker å ta vare på han. Kva for faktorar er med på å avgjere om friluftslivet er berekraftig eller ikkje?
Mange personar på eit fjellplatå med utsikt til ein fjord og snøkledde fjelltoppar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva betyr berekraftig friluftsliv?

Eit berekraftig friluftsliv handlar om at ein skal kunne drive eit friluftsliv utan at ein bruker opp naturen og ressursane for dei komande generasjonane. Dei som er unge, skal få den same moglegheita til naturopplevingar som dei som er vaksne i dag.

Friluftsliv går for å vere ein miljøvenleg aktivitet som gir oss avkopling frå kvardagslivet. Samstudes kan vi nyte naturen og vere i fysisk aktivitet. Trass denne tanken om friluftsliv som miljøvenleg og berekraftig aktivitet, er det ikkje til å kome utanom at friluftslivet, slik mange praktiserer det i Noreg i dag, har eit høgt som påverkar klimaet globalt sett. Vi har òg utfordringar knytte til miljøet. Friluftsliv kan vere ein aktivitet, men det kjem an på korleis vi praktiserer det.

Reise

Om vi skal på tur til eit naturområde som ikkje ligg i nærleiken av heimstaden vår, er vi avhengige av å reise for å kome oss dit. Alle reiser fører til karbonutslepp. Mengda av karbon som blir sleppt ut, avheng av distanse og transportmiddel. Mange av oss vel turmål som inneber lang reiseveg, og ofte skjer transporten med privatbil. For å redusere utsleppa kan løysinga vere å reise mindre og heller praktisere meir nærfriluftsliv.

Ein treng ikkje alltid reise langt for dei gode opplevingane. Det held å oppsøke skogen, marka, fjæra eller fjellet som ligg i nærleiken av der vi bur. Slike besøk gir like mykje avkopling og fysisk aktivitet som turar med mykje reising. I staden for å reise langt kan vi nytte tida vi ville ha brukt på å reise til å sanse og oppleve naturen.

Om vi likevel ønsker å reise, bør vi tenke miljøvenleg. Kollektivtransport eller samkøyring gir minst utslepp per person.

Framtiden i våre hender: Klimagassutslippet fra ulike reisemåter

Tenk etter

Kva meiner du er "det perfekte friluftslivet"?

Kva for transportmiddel bruker du for å kome deg til naturen? Finst det andre meir berekraftige alternativ til det du bruker i dag?

Utstyr

Har du nokon gong sett eit kult bilete på Instagram av ein person i tøffe klede omgitt av spektakulær norsk natur? Kanskje har du tenkt at "ei slik jakke vil eg òg ha" eller "dit vil eg òg dra"? Nordmenn har generelt eit høgt forbruk av friluftslivsutstyr. I staden for å reparere det gamle vi har, kjøper vi nytt, og vi kjøper nytt utstyr sjølv om vi kanskje allereie har det vi treng. Vi har berre lyst på ei ny jakke eller eit par nye ski, sjølv om vi kan klare oss godt med det vi har. Mange har god privatøkonomi, og då har vi råd til å kjøpe oss nye ting som vi strengt teke ikkje treng, nettopp fordi vi kan.

For turopplevinga sin del er det viktig å vere varm og tørr, men kva for merke eller farge vi har på jakka, er ikkje avgjerande for korleis turen blir. Å kjøpe brukt utstyr og låne det vi ikkje må eige sjølv, er berekraftige alternativ til å kjøpe alt nytt. Om vi i tillegg reparerer når utstyret går i stykker i staden for å kjøpe nytt, er vi endå meir berekraftige.

Tenk etter

Korleis har du latt deg påverke av Instagram og andre sosiale medium?

Kva trur du skal til for å få ei god naturoppleving?

Bruk FNs berekraftsmål, spesielt mål 12, for å finne ut korleis produksjon av klede og utstyr påverkar miljøet.

Slitasje, forsøpling og nedbygging av naturen

Nokre turistmål er meir populære enn andre. Mykje av denne populariteten kan skuldast turistnæringa, og noko av årsaka ligg kanskje i sosiale medium. Dette fører til at stadig fleire legg ferien sin til Noreg. Når mange menneske besøker eit turmål, blir det slitasje på naturen, derfor har ein fleire plassar i landet steinlagt stiar for å redusere slitasjen.

Slitasje og forsøpling truar naturen. Dette gjeld både dei populære turistmåla og naturen i bynære område der det bur mange menneske.

I tillegg blir mange naturområde bygd ned. Det vil seie at stat og kommune i staden for å ta vare på naturen prioriterer utbygging av veg, hytter og kraftanlegg. Dette medfører tap av både natur og plante- og dyreartar, og dette kan få store ringverknader på lang sikt.

Ein gut ligg på eit berg og ser ut over fjorden. På ei berghylle lenger ned er det mange menneske. Foto.

Det finst fleire løysingar på dette. Det enklaste vi som enkeltindivid kan gjere, er å ta omsyn til naturen og sporlaus ferdsel. Om vi alltid er førebudd på forsøpling og har ein plastpose tilgjengeleg, kan vi samle søppel når vi er på tur. Det er ein fin regel å gjere det finare enn det var då vi kom med tanke på søppel, men òg når det gjeld bålbrenning. Hugs å fjerne alle spor etter bål om det er ikkje allereie er ein etablert bålplass. Då er det mykje trivelegare for den neste som kjem enn om det er mange brende vedkubbar, kol og bålplassar overalt.

Vi kan òg vere bevisste på å unngå å dra på turar der vi veit at det er stor slitasje på naturen. Om vi går til ein plass der det ikkje er så mange andre, er det større sjanse for at vi får vere i fred og kan nyte stilla, i tillegg til at det slit mindre på naturen. På den andre sida kan vi òg argumentere for at vi bør dra på turar der det er tilrettelagt med til dømes steintrapp, slik at meir uberørt natur som ikkje har så mykje trafikk, kan få vere i fred.

Ein annan ting vi kan gjere, er at vi kan påverke stat og kommune til å ta vare på naturen ved å engasjere oss i lokalsamfunnet.

Tenk etter

Kva tenker du er det beste å gjere for å redusere slitasjen på naturen?

Har du forslag til korleis du kan påverke stat og kommune for å ta vare på natur og naturområde?

Aktuelle lenker

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Naturferdsel