Hopp til innhald

Fagstoff

Bålfyring

Bål skaper varme og trivsel. I tillegg kan du lage mat på bålet. Her skal du få vite korleis du bør gå fram når du skal tenne opp eit bål, og kva reglar som gjeld for bålfyring.

Bålkos er ein viktig del av turopplevinga. Når vi skal tenne bål, må vi oppføre oss på ein slik måte at det ikkje oppstår brann. Det gjeld heile året.

Når kan vi fyre bål?

I perioden 15. april til 15. september er det forbode å tenne opp ild i, eller i nærleiken av, skog og utmark. Men det er lov å nytte skjønn og tenne bål dersom det er heilt sikkert at det ikkje kan starte ein skog- eller grasbrann, til dømes etter mykje nedbør. Hugs på at det kan vere fare for skog- eller grasbrann òg før 15. april og etter 15. september.

Nokre stader finst godkjende bålplassar der du kan fyre bål heile året så sant det ikkje er innført eit absolutt bålforbod på grunn av tørke.

I naturreservat og nasjonalparkar kan det vere eigne reglar for bålfyring.

Finn ein eigna bålplass

Nytt ein etablert bålplass dersom det finst. Pass på at det er god avstand til bygningar og vegetasjon. Hugs at tørt gras lett tek fyr. Vi fyrer ikkje bål på svaberg. Då kan fjellet sprekke. Vurder vindtilhøva og gjer deg viss om at det ikkje er skogbrannfare.

Viss du må etablere ein ny bålplass, fjernar du vegetasjon og legg nokre steinar i ein ring. På den måten skadar du ikkje eksisterande vegetasjon, og steinringen gjer det enklare å avgrense bålet så det ikkje spreier seg til omgivnadene.

Finn ved

Vi går varsamt fram viss vi skal finne ved i skogen. Levande tre brenn ikkje, og dei let vi stå i fred. Grove, tørre greiner er fin ved. Gamle stubbar brenn godt. Småkvist nedst på grantre er fint, det same med frå bjørka. Ta omsyn til i skogen. Tørre tre med reirhol let vi stå. På mykje nytta leirplassar kan det vere lite ved å finne. Då kan det vere lurt om alle har med litt ved i sekken. Ver merksam på at det i naturreservat og nasjonalparkar kan vere forbod mot å sanke ståande ved.

Du bør kløyve rund ved, då brenn han betre. Nytt ei skarp øks. Ha trygt underlag, til dømes ein stubbe. Stå støtt med beina frå kvarandre og hald avstand til turkameratane. La øksa gå i bane så ho ikkje treffer beina.

Å fyre opp

Du treng noko å fyre opp med. Never eller nokre tørre fliser eller småkvist er eigna. Eit tips er å ha ein vasstett pose med fyrstikker og noko tørt å fyre opp med i sekken. Vi startar med fliser og småved og legg på grøvre ved etter kvart som vi får fyr. Flammane sleikjer oppover, så legg det som lettast tek fyr, nedst.

Ha klar ved før du fyrer opp, slik at du er klar til å mate bålet etter kvart som det tek fyr. Ver tolmodig. Det tek litt tid å førebu før du fyrer opp.

Hugs at det må oksygen til for å at noko skal brenne. Ikkje legg på veden så tett at det ikkje kjem til luft.

Fyring av bål

Når du har fått fyr, er det klart for å nyte bålkosen. Pass på at du har kontroll på bålet. Ikkje fyr større bål enn du treng. Ha sløkkjemiddel i nærleiken. Vi brenn ikkje plast, emballasje med folie inni eller anna søppel på bålet. Då blir det liggjande restar i bålet. Ta med søppel heim. Hugs at ein del syntetiske klede lett kan ta fyr eller få hol av gneistar frå bålet.

Båltypar

Det er ulike måtar å fyre bålet på etter kva vi skal nytte det til. Skal bålet først og fremst vere til å varme seg ved, eller skal de koke mat på bålet? Her er døme på nokre båltypar:

Sløkking

Bålet skal vere sløkt når du forlet bålplassen. Gå aldri frå eit brennande bål. Sjekk at bålet er godt sløkt. Ha på vatn eller snø.

Sporlaus ferdsel

Dersom du har etablert ein ny bålplass, kan du fjerne han heilt før du går, så du etterlet minst mogleg spor etter deg i naturen. Legg steinar og torv du har nytta, tilbake der du fann det. Ta med all søppel heim.

Tips til trygg bålbrenning:

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindtilhøve.
  • Det er alltid den som brenn bål, som har ansvaret for branntryggleiken.
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet må vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon.
  • Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkkje om det er naudsynt.
  • Ha eigna sløkkjemiddel lett tilgjengeleg.
  • Det er forbode å brenne plast, bygningsmaterialar og anna søppel.
  • Når du forlet bålplassen, skal bålet vere heilt sløkt.

Kjelde: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. (2019). Dette må du vite før du tenner bål. Henta frå https://www.sikkerhverdag.no/brann/forebygge-brann/dette-ma-du-vite-for-du-tenner-bal/.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen, Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2019

Læringsressursar

Naturferdsel