Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er friluftsliv ein berekraftig aktivitet?

Aldri før har fleire brukt naturen til turar og rekreasjon. At fleire bruker naturen, betyr likevel ikkje at fleire ønskjer å ta vare på han, eller at dei veit kva dei skal gjere for å ta vare på han. Her kan du fordjupe deg i oppgåver som er knytte til nettopp berekraft og friluftsliv.
Ei kø av menneske på tur opp Besseggen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her finn du oppgåver med ulik vinkling. Vel sjølv kva for oppgåver du vil jobbe med.

Oppgåve 1. Friluftsliv i nærmiljøet

Du skal planleggje ein tur. Ta utgangspunkt i sida Turplanlegging (NDLA).

  1. Planlegg anten ein dagstur i nærmiljøet eller ein tur med overnatting i nærmiljøet.

  2. Finn ut korleis du kan gjennomføre turen med fokus på berekraftig utvikling og omsynet til naturen.

    Korleis kan du ta vare på naturen i det aktuelle nærmiljøet? Kva for val kan du ta i turplanlegginga som gjer turen meir berekraftig?

  3. Lag ein presentasjon med kart over området. Grei ut om kva for forholdsreglar du må ta, og om kva utstyr du vil ha med deg på turen. Grunngi alle vala du tek.

Oppgåve 2. Friluftsliv og karbonutslepp

Les gjennom heile oppgåva før du går i gang.

  1. Saman med ein god ven skal du på ein tur til nærmiljøet eller til eit høgfjellsområde. Ta utgangspunkt i sida Turplanlegging (NDLA). Planlegg turen.

  2. De skal overnatte to netter og ha fokus på berekraftig friluftsliv. Du skal sjå på alle val og handlingar i samband med ein tur som fører til CO2-utslepp, som reise, utstyr, overnatting og liknande.

    Korleis kan de gjennomføre ein tur med minst mogleg utslepp? Vurderingane du gjer her, er viktigare enn å finne ut av nøyaktig CO2-utslepp.

  3. Lag anten ein videopresentasjon eller ein lysbiletepresentasjon som inneheld informasjon om

    • reisa: start og stopp, tidspunkt, vurderingar om val av transportmiddel

    • utstyr: kva de treng, grunngiving for val av utstyr, korleis skaffe utstyr de ikkje har frå før, vurderingar om materialval både med omsyn til miljøet og vêret

    • kart: turmål, ruteval og grunngiving for val av rute

Oppgåve 3. Friluftsliv, populære turmål og sosiale medium

  1. Finn eitt populært turmål som får mykje merksemd i sosiale medium, som til dømes Besseggen, Trolltunga, Preikestolen, Store Skagastølstind, Svolværgeita, Reinebringen, Ryten i Lofoten eller liknande.

  2. Kva for moglege konsekvensar har denne merksemda i sosiale medium for klimaet og miljøet? Ta utgangspunkt i både karbonutslepp og omsynet til naturen i det aktuelle området. Diskuter om konsekvensane er positive eller negative. Sjå på

    • reising

    • utstyr

    • slitasje på naturen og forsøpling

  3. Lag anten ein videopresentasjon eller ein lysbiletepresentasjon. I presentasjonen skal du diskutere om merksemda dei populære turmåla får, gir positive eller negative konsekvensar. Drøft omgrepet berekraftig utvikling i lys av dette.

Aktuelle lenkjer du kan bruke for å løyse oppgåvene

Relatert innhald

Aldri før har fleire brukt naturen til turar og rekreasjon. At fleire bruker naturen, betyr likevel ikkje at fleire ønsker å ta vare på han.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Naturferdsel