Hopp til innhald

Fagstoff

Tips til korleis du kan utnytte naturen

Det er utruleg mykje du kan bruke naturen til. Visste du at du kan finne ut kor mykje klokka er, utan å bruke klokke, eller at du kan finne riktig himmelretning utan bruk av kompass? Her får du mange tips til kva du kan bruke naturen til. Kanskje du kan prøve dette neste gong du er ute?
Ung gut på fottur viser tommel opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kor høgt er treet?

 To ungdomar på skogstur. Foto.

Her er ein rask og grov metode for å måle kor høgt eit tre er. Set eit merke to meter opp på stammen til treet, gå så 10 til 15 meter vekk frå treet. Ta ein blyant eller eit strå som du held framfor deg med strak arm. Plasser tommelen slik at det som er synleg på strået over tommelen, akkurat dekkjer dei to metrane du målte opp på treet. No kan du telje kor mange meter høgt treet er.

Er treet svært høgt, får du mest nøyaktig mål av treet viss du set eit merke tre eller fire meter opp på treet og går 30 til 40 meter vekk. Viss det er sol slik at treet kastar skugge, kan du måle opp på ein meir komplisert og nøyaktig måte. Set ein 1 meter lang stokk loddrett ned i bakken. Mål kor lang skugge treet kastar (T), og mål kor lang skugge stokken kastar (S). Trehøgda (H) kan du då rekne ut slik: H = T / S

Kva er klokka?

Har du ikkje klokke, men eit godt kompass, kan du likevel finne tida rimeleg nøyaktig. Sola står i sør klokka 12.00. På eit kompass med 360-gradarssirkel flytter sola seg med 15 gradar i timen. På 400-gradarskompass flytter ho seg 17 gradar i timen. Ta kompasskursen til sola, rekn ut kor mange gradars forskjell det er mellom sola og sør, del på 15 eller 17 etter kva type gradinndeling du har. Resultatet er talet på timar før eller etter 12.

Det er vanskeleg å stille inn kompasset mot sola. Set derfor opp eit strå på bakken, og ta kompasskursen etter skuggen frå strået. Hugs å kompensere for sommartid. Om sommaren står vi opp ein time tidlegare enn om vinteren. Set ned ein stokk i bakken, rekn ut dei forskjellige vinklane til klokkesletta, og set ned pinnar. Dermed har du eit solur. Vil du kontrollere det, så er skuggen frå sola kortast klokka 12.00. Klokka 18.00 står sola i vest, og klokka 06.00 står ho i aust.

Kvar er nord?

Har du klokke med visarar, men manglar kompass, kan du ta ut ein grov kompasskurs. Hald klokka vassrett i hovudhøgd. Rett inn klokka slik at timevisaren peiker mot sola. Om du no trekkjer ei linje midt mellom klokka 12.00 og timevisaren, peiker linja mot nord. Mest nøyaktig resultat får du ved å halde opp eit heilt tynt strå og rette inn timevisaren slik at han kjem under skuggen. Sjølv i gråvêr fungerer denne metoden, trass i at skuggen då er mykje svakare.

Noko som må limast?

Neverolje er naturleg lim. Han er fin til å lime porselen med og å tette neverkrus og buttar med. Med ein neverbit og neveroljelim kan du reparere sprukne eller sprekte trebollar. Harpiks og kvae av gran og furu kan du òg varme opp og lime med. Kvae limer bra på tre og klede.

Vått papir?

Det einaste som skriv på rått og fuktig papir, er ein gråblyant. Skrifta forsvinn heller ikkje når papiret blir vått.

Kopp, kjele og øskje av never

To neverkonter i fletta never. Foto.

Never kan du ta av trea heile året, men er lettast å arbeide med om våren. Lag eit kremmarhus, brett inn den smale enden, og tett til med ei kløfta bjørkegrein. Varm neveren over varmen eller i vassdamp, så blir han lettare å forme. For å få det heilt tett må du som regel bruke neverolje som kitt. Til forvaring av smør, kaffi, kakao, sukker og andre matvarer er neverbuttar både lette, tette og sterke.

Sveiping av never er ein teknikk som er lett om du tek deg tid til å lære han, gjerne med rettleiing frå nokon som kan det. Sveipte neverbuttar passar liksom mykje betre inn i utstyret til villmarkingen enn plast og blikk. Dekorative er dei òg.

Har du funne ei eventyrleg moltemyr og manglar noko å plukke i?

Nærbilete av plukking av moltebær. Foto.

Jau då, du har noko å plukke i. Er det bjørk i nærleiken, kan du lage deg store kremmarhus eller korger av bjørkenever. Brett det slik du vil ha det. For å halde neverstykka saman bruker du 10 til 20 centimeter lange tommelfingertjukke bitar av bjørkegreiner. Kløyv to tredelar av pinnelengda, dermed har du ei klype. Bruk dei tynne røtene frå bjørka til å surre og låse klypa. Du kan òg stikke hòl i neverflaka og bruke røtene eller tynne skot til å sy saman sidene med. Til slutt lagar du ein hank til å bere i. Bjørka er nasjonaltreet vårt, og neverprodukt er heilnorske òg.

Kokekar

Har du tenkt på at det går an å lage kokekar av never? Det kan du gjere ved å brette eit tett kar av never. Tett smålekkasjar med lim av neverolje. Koke gjer du ved å varme opp knyttnevestore steinar i bålet og leggje dei opp i karet, saman med maten. Byt steinane ofte, så koker det raskt.

Nål og sikringsnål

Av einer kan du lage synål. Når eineren tørkar, blir han hard som bein. Du kan òg tvinne og bøye til ei stoppenål av ein ståltråd. Svir du eineren over bålet, blir han endå hardare. Ei sikringsnål brettar du av ei sykkeleike.

Musefelle

Spenn eit papir stramt over ei bytte. Midt på papiret skjer du eit krossnitt. Gni litt fleskefeitt på hjørna til snittet. Nede i bytta hengjer du kjøtt og ost i ein tråd eit stykke over botnen. Fyll 10 centimeter vatn i botnen av bytta. Om vinteren blandar du vatnet med frostvæske. Set ein plankebit på skrå opp mot bytta. Musa kjem opp på bytta, kjem bort til krossnittet og fell ned i bytta og druknar.

Kutting av glas

Plassen du vil ha kutta, surrar du med ullgarn som er godt fukta med white spirit, parafin eller bensin. Tenn på. Når flammen er brunnen ut, stikk du flaska raskt ned i kaldt vatn. Vil du ha av botnen, fyller du vatn til det punktet der du ønskjer botnen kutta. Set flaska ned i glohaugen. Botnen ryk ved vasskanten. Bruk eit bryne og rund av brotkantane så du ikkje skjer deg. Har du ikkje bryne, kan du bruke ein stein.

Kopp og kokekar av papir

Du kan både drikke av og koke i papir. Berre brett det slik at det blir tett. Vatnet i papiret avkjøler papiret slik at det ikkje begynner å brenne og kan brukast til koking. Plastpose og brødpose kan òg brukast til koking. Legg varme steinar oppi posen, eller kok over glørne i bålet.

Gjer det med aviser og papir

Har du problem med kleda, kan det meste fiksast med papir. Bruk gamle aviser, papirsekker eller papirposar. Klipp ut innleggssolar av gamle aviser eller papp. Du kan òg lage deg sokkar av aviser. Brett avisa ut på midten, set beinet midt på, og brett avisa rundt foten slik som blei gjort med fotklutar i gamle tider.

Det sit fast!

Lok på syltetøyglas kan du halde ei stund i varmt vatn. Nyttar ikkje det, kan du spenne ei lêrreim rundt loket og trekkje i enden. Er det større ting som du må vri av, kan du bruke ein stokk og ein tauende. Surr tauet rundt gjenstanden, og legg stokken på tvers i ei lykkje i tauet. Vri stokken!

La kartet leve

Skal du på langtur i våte omgivnader, kan det vere trygt å ha eit kart som toler variert bruk. Du får kjøpt ferdig laminerte kart, eller du kan kjøpe spesiell kartimpregnering. Den enklaste løysinga er å kjøpe kontaktpapir til å klistre på begge sider av kartet. Ulempa er at kartet blir stivt, omfangsrikt og sprekkjer i sterk kulde. Klarer du deg med eit utsnitt av kartet, er kontaktpapir likevel ei god løysing. Laminerte eller impregnerte kart kan du teikne på med vassløyseleg tusj eller feittstift, som seinare kan tørkast vekk. Det er praktisk til feltarbeid.

Lut

Lut kan brukast til å fjerne bitter smak på planteføde og gjere det meir etande, dette gjeld særleg lav og ein del røter. Lut kan òg brukast til å fjerne måling på båtar og husvegger, til luting av tørrfisk og til koking av såpe. Bruk like delar grå bjørkeoske og vatn. Kok opp, og la det stå i to timar. Sil vekk oska. Luten skal ha ein glatt konsistens på huda. Oske av alle lauvtre kan brukast.

Såpe

Du kan koke di eiga såpe om du har tilgang til litt feitt eller talg. Alle slags feitt kan brukast, berre det ikkje er harskna. Bland ein del feitt med to delar lut, og kok det til det blir ein tjukk graut. Hugs å røre heile tida, òg etter at såpa er teken av varmen og held på å stivne.

Opne hermetikkboksar

Viking Melk-boksen kan du stikke eit lite hòl på i kanten av loket og mjølke ved å trykkje på botnen av boksen. Vanleg hermetikk kan du opne med ein vanleg kniv viss du har gløymt boksopnaren. Legg ein pinne på loket, og stikk eit hòl i kanten. Med knivryggen mot pinnen kan du jekke opp boksen som med ein vanleg boksopnar. Kniven blir fort sløv når du skjer blikk med han, så ein boksopnar er best.

Impregnere stolpar

Viss du skal slå ned stolpar som skal stå nokre år, eller leggje materialar rett på bakken, kan du impregnere dei ved å brenne dei svarte på den sida som skal i bakken.

Fiskekrokar

Ung mann held opp fem ørret som er tredd på ein pinne. Foto.

Dei første fiskereiskapane vi hadde, blei laga av bein og trevirke. Bein er framleis utmerkt til å file og spikke fiskekrokar av. Krokar av tre kan òg fiske godt. Einer er veleigna fordi han blir så hard når han tørkar. Bøy ei sikringsnål, og du har ein fiskekrok utan mothakar. Det stiller større krav til deg når du skal køyre fisken.

Mål og vekt

1 liter vatn veg 1 kilo. Eit steg er 85 cm, og 100 meter er 118 steg.
Mål opp og merk av dei mest alminnelege måla på buksebeltet, skistaven eller på skia, for eksempel 10 cm, 25 cm, 50 cm, 1 meter.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kolbjørn Ekker og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2020

Læringsressursar

Naturferdsel