Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førstehjelp på tur – casar

Når nokon skadar seg, er det lurt å vite kva du skal gjere. For å vere førebudd må du øve på situasjonar som kan oppstå.
Ein mann har blod på handa. Ei dame legg ein kompress på handleddet til mannen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Desse casane kan du løyse både teoretisk og praktisk. Bruk gjerne ressursane nedst på sida som hjelp.

Case 1 – forbrenning

Du og to gode vener er på tur i skogen. De har fyrt bål og lagar mat på bålet. Plutseleg veltar ein kjele med varmt, kokande vatn over handa til kameraten din. Kva gjer du?

Case 2 – nedkjøling og forfrysningar

  1. Du skal på ein fjelltur med to gode vener seint på hausten. Det er meldt regn. Korleis kan de førebu dykk til denne turen for å førebyggje nedkjøling og frostskadar?
  2. Trass førebuing blir kameraten din våt gjennom jakka og kald på overkroppen. Han står i ro, hakkar tenner, er blå på leppene og blir apatisk (klarer ikkje å ta seg til noko). Han har i tillegg kvite flekkar på fingrane. Kva gjer du?

Case 3 – beinbrot

Du og to gode vener er på tur i fjellet. De må gå ned ei bratt ur, og plutseleg fell venninna di og skadar seg. Det ser ut til at ho har fått eit brot i beinet. Kva gjer du?

Treng du tips til korleis du skal løyse casen?
  • Førstehjelpsutstyr
  • Stabilisering av brotet
  • Halde kroppstemperaturen oppe
  • Telefondekning
  • Evakuering

Relatert innhald

Brot kan oppstå i alle knoklar. Nokre brot er så smertefulle at personen ikkje kan røre seg, medan andre brot er små og vanskelege å oppdage.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2020

Læringsressursar

Naturferdsel