Hopp til innhald

Skogbruk

Ca 40 prosent av landarealet i Noreg er dekt av skog. Årleg vert rundt 10 millionar kubikkmeter tømmer hogt. I dette emnet lærer du om skogbruksnæringa. Moderne skogbruk er mekanisert, og mykje arbeid vert utført med maskiner. Ein skogbrukar treng kunnskapar om det biologiske mangfaldet i skogen.

Biologisk mangfald i skogen

Det finst ca. 22 000 plante- og dyreartar knytte til skogareala i Noreg. I dette emnet lærer du om nokre av dei artane som finst i skogen. Kva er biologisk mangfald, og kvifor skal vi ta omsyn til det biologiske mangfaldet i skogen? Korleis kan vi ta vare på ulike artar og samtidig drive skogbruk?