Hopp til innhald

Fagstoff

Kompetansekrav for å arbeide med dyr

Styresmaktene stiller strenge krav til kompetanse for deg som skal jobbe med dyr. Kompetanse er den viktigaste faktoren for å fremje dyrevelferd.
Fagarbeidar i dyrebutikk set på plass varer i hyllene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krav for å arbeide med dyr

Når du skal jobbe i dyrebransjen, vil du vere ein nøkkelperson for dyrevelferda i Noreg. Du kjem til å stå i mange situasjonar der du skal viderebringe kompetanse til private dyrehaldarar, kollegaer og andre målgrupper. Kompetanse er anerkjend som den viktigaste faktoren for å fremje dyrevelferd.

Dyr har behov for å bli aktiviserte og leve i miljø som er tilpassa behovet deira. Dyr som kjedar seg, er einsame, utrygge eller på annan måte frustrerte, kan utvikle åtferdsforstyrringar.

Det er du som dyrefagarbeidar og dyrehaldar som er ansvarleg for at dyret har det godt. Du skal ha naudsynte kunnskapar om dyrearten og praktisk evne og vilje til å sikre dyret god velferd, helse, trivsel og levemiljø.

Du skal som minimum ha kunnskap om:

  • normal åtferd
  • normal utvikling
  • arten og åtferdsbehovet til individet
  • ernæring og fôrmiddel
  • omgivnadsmiljø og temperatur
  • hygiene
  • behovet til dyret for kontakt med menneske og artsfrendar
  • førebyggjande tiltak mot sjukdom og skade, teikn på sjukdom
  • åtferda og kroppsspråket til dyret slik at endringar i åtferd kan oppdagast

Kompetanse er den viktigaste faktoren for å fremje dyrevelferd.

Å vere glad i dyr er ikkje nok

 Gutt held ei katt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit ønske om å halde dyr er ikkje tilstrekkeleg for å sikre dyrevelferd. Alle dyrehald har starta med eit ønske om å ha dyr, men det sikrar ikkje at dyret har det godt. Lang erfaring er heller ikkje nødvendigvis tilstrekkeleg, sidan kunnskapen om evnene og behova til dyr blir endra over tid. Du skal sørgje for at dyret blir teke vare på av kompetente personar til kvar tid, òg når pass av dyret blir overlate til andre.

Økonomisk evne er òg ein del av kompetansen. Alle dyrehald skal ha økonomisk evne til å gi dyra nok og godt fôr, naudsynt veterinærbehandling, stell og miljø.

Dyrevelferdslova stiller krav til faktisk kompetanse. I praksis vil dette seie at du skal kunne nok om dyrearten til å gi riktig dagleg tilsyn og stell og kunne sjå, forstå og handle ut frå behovet til dyret. Kompetanse omfattar òg haldningar, praktisk evne og vilje til å etterleve krava.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2020

Læringsressursar

Dyrenæringa