Hopp til innhald

Gartnar

Gartnarnæringa har ei viktig rolle som produsent av mat, varer og tenester. Gartnaren har arbeidsoppgåver i veksthus, på friland, på grøntareal og i hagesenter. I dette emnet lærer du om gartnarnæringa og dei arbeidsoppgåvene ein gartnar har.

Gartnaryrket – planteproduksjon

Gartnaren produserer planter og planteprodukt på friland, på karplanteplassen og i regulert klima. Dette emnet handlar om planter, ulike vekstfaktorar og om bygningar, tekniske installasjonar, maskiner, reiskapar og utstyr som gartnaren treng i planteproduksjonen.