Hopp til innhald

Fagstoff

Planteval

I parkar og hageanlegg er det vi menneske som bestemmer kva planter som skal vekse. For å plante dei rette plantene treng vi kunnskap om veksestaden og kva slags krav ulike planter har. Vi må òg ta omsyn til kva som er målet med plantinga.

Nokre ville planteartar veks rett på stein. Bergarten kan innehalde dei minerala som gir riktig næring til akkurat den plantearten. Andre planter føretrekkjer skuggefulle vekseplassar, mens andre igjen vil ha full sol heile dagen. Dette er døme på naturlege vekstforhold vi prøver å kopiere når vi plantar kulturplanter inn i hagar og parkanlegg.

Hekk og tre som skaper le i ein hage. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Levegetasjon

Planter kan nyttast som le for vind. Leplanting bremsar vindeffekten i ein avstand frå plantninga på 30 gonger høgda på leet. Ein hekk som er 2 meter høg vil dempe vind i ein avstand på opp mot 60 meter. Det kjem litt an på lengda på hekken og vindretninga.

Hekk bør stå vinkelrett på den vanlegaste vindretninga for å gi best effekt.

Her kan vi nytte både vintergrøne og lauvfellande planter. Ein hekk kan vere både klipt og fri, så her er det mange valmoglegheiter. Fri hekk er i denne samanhengen ein hekk som får gro fritt utan årleg skjering. Ein slik hekk vil likevel ofte ha tettare intervall for skjering enn solitærbuskar i hagen.

Ulike typar planter

Solitærbuskar er større buskar som kan stå åleine. Anten som ein stor busk, eller stamma opp som eit mindre tre.

Buskplantning kan variere i høgd frå 0,5 til 5 meter. Så her er det mange variasjonsmoglegheiter.

Tre kan òg nyttast som leplanter. Ofte ønskjer vi då låg greinsetjing. Her er det viktig å tenkje på kvar treet er plassert.

Vi kan òg nytte staudar og sommarblomstrar i hagar og anlegg.

Kva må vi tenkje på når vi vel planter?

Det beste er om vi kan ha moglegheit for å sjekke lysforhold, jordsmonn, tørke, fukt og kor utsett området er for vind.

Prydverdien av plantene som blomstringstid, blomstrar, bladfarge og form er òg viktige omsyn å ta. Vi har òg ofte ein kunde som har tankar, ønske og behov når det gjeld korleis hagen eller anlegget skal sjå ut.

Ut frå desse opplysningane saman med informasjon om for området kan ein setje opp gode forslag til planter som kan trivast på plassen.

Det er òg viktig at vi vel planter som har riktig . Planter produserte i Skandinavia og særleg i Noreg er spesielt godt eigna for norske forhold.

Lapp som heng på ein busk med opplysingar om planta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet over viser ein etikett på ei plante. På etiketten finn vi mange opplysingar om planta:

  • Latinsk namn: Salix euxina 'Bullata' E. (Slekt, art og sort) E = Eliteplante, som betyr planter dyrka for norsk klima.
  • Norsk namn: Skjørpil
  • Skildring av forma på treet
  • Veksekrav
  • Høgd: Mellom 8 og 10 meter
  • Hardførheit: Vinterherdigheit H6–H7. Det betyr at han kan vekse langs heile kysten og innover mot dalstrøka på Austlandet, langs kysten opp mot Troms.

Kva er tanken med vegetasjonen?

  • Tenk plassering. Kvar skal vi plante?
  • Kva krav stiller vekseplassen til dei plantene vi skal ha der?
  • Plantene må kunne å stå med røtene i vatn, opp mot 24 timar. Dei må i periodar òg tole sterk tørke.
  • Skal planta skape le, gi skugge, skape rom, hindre erosjon, skape gode jordforhold for infiltrasjon av vatn eller berre vere vakker?

Finn ut meir:

  1. Utforsk klimasonekart og plantelister på nettsida til Eliteplanter.
  2. Kva klimasone er det i området der du bur?
  3. Finn døme på planter som kan nyttast i denne klimasona.
CC BY-SASkrive av Kari Anita Gram.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2020

Læringsressursar

Arbeidsoppgåvene til gartnaren