Hopp til innhald
Førelesing og presentasjon

Potting

Potting kallar vi det når vi plantar om frå ei lita potte til ei større, til dømes frå formeringspotta til den potta som gir planta nok jord og plass til ho er klar for sal. Her lærer du om korleis vi utfører potting.

Potta

Ei god blomsterpotte skal

  • vere rein

  • vere lystett

  • ha dreneringshol som sikrar at overflødig vatn kan renne ut, og at luft kan kome inn til planterøtene

Potteklare planter

Planter som er klare for potting, bør ha eit godt utvikla rotsystem, og røtene bør vere synlege utanpå formeiringspotta.

Arbeid med potting

Pottemaskin

Ved potting blir småplantene sette i den potta dei skal stå i fram til dei skal seljast. Potting er ein arbeidskrevjande operasjon, og det krev derfor at arbeidsopplegget er rasjonelt. Dei fleste gartneria nyttar pottemaskiner til dette arbeidet.

Film som viser hvordan ei pottemaskin fungerer. Video: Martin Aune Walther, Torbjørn Guddingsmo / CC BY-SA 4.0

Potting på produksjonsbord

Mange føretrekkjer òg å flytte potteoperasjonen inn på produksjonsborda. Då kan pottene fyllast med torv og setjast ut på bordet på førehand.

Denne metoden er spesielt godt eigna for pluggplanter eller godt gjennomrota stiklingar i formeiringspotter.

Film som viser hvordan vi kan potte på et produksjonsbord. Video: Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0

Teknikk og handgrep

Potting for hånd er arbeidskrevende og det er derfor viktig å ha teknikk og håndgrep som er mest mulig lettvinte. Vi bør derfor plassere planter, jord og potter slik at det blir så få håndgrep som mulig og kort avstander. Dette kan vi oppnå med god potteteknikk.

Potteteknikk

  • ta tak i potta

  • fyll i jord

  • plasser planta i potta

  • fyll på jord

  • trykk

  • set frå deg planta

Filmen viser riktig teknikk når du skal plante manuelt i potter. Video: Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0

Kjenneteikn på god potting

Kjenneteikn på god potting er at

  • planta er plassert

    • midt i potta eller med like mykje plass til kvar plante dersom det er fleire planter per potte

    • like djupt som ho har stått før, eller djupare dersom ho er vorten litt lang.

  • planta er trykt godt fast, slik at røtene kjem i god kontakt med torva i potta.