Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om reindrift i arktiske område

Oppgåver til fagtekstane i emnet om reindrift i arktiske område.
 Reinflokk. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Tenk deg at du skal forklare nokre viktige omgrep i reindrifta for elevar i 10. klasse. Lag ein presentasjon med tekst og bilete. Du skal òg forklare forskjellen på eit reinbeiteområde og eit reinbeitedistrikt, kva ein siida er, kva lover som gjeld for reindrift i Noreg, korleis dei ulike forvaltningsnivåa forheld seg til kvarandre, og inndelinga av reindriftsåret i åtte årstider.
  2. Lag ei oversikt over rovdyrtap i reindrifta i eit valt område i Noreg dei tre siste åra. Bruk mellom anna det interaktive kartet som finst på nettsida Rovbase som kjelde.
  3. Skriv eit lesarinnlegg eller eit blogginnlegg der du drøftar dei miljømessige utfordringane i reindrifta.
CC BY-SASkrive av IMGEira og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2020

Læringsressursar

Reindrift i dei arktiske områda