Hopp til innhald

Fagstoff

Organisering, styring og forvaltning

Samisk reindrift i Noreg har gjennomgått store forandringar sidan 1970-talet. Det praktiske reindriftsarbeidet er modernisert, og staten deltek no aktivt i styring av næringa med fokus på auka kjøtproduksjon og strengare oppfølging av lovverket, spesielt når det gjeld talet på rein.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den politiske endringa kom spesielt i reindriftslova av 1978, der reindrifta vart underlagd Landbruksdepartementet. Det vart inngått ein eigen reindriftsavtale, bygd på prinsippa i jordbruksavtalen, og samanslåing av vinterbeiteområda til til fellesbeiteområde. Ved revisjon av lova i 2007 vart sjølvstyret til reindrifta løfta fram, samtidig med retten staten hadde til styring av reindrifta når det gjeld reintal, og etterfølgande økonomiske sanksjonar for dei som ikkje følgjer avgjerdene til staten.

I 2014 vedtok Stortinget ei endring av reindriftslova som innebar at oppgåvene til områdestyra vart overførte til Statsforvaltaren. Hovudkontoret til reindriftsforvaltninga i Alta vart slått saman med Statens landbruksforvaltning og vart til Landbruksdirektoratet.

Reindriftsforvaltninga til staten har behalde alle oppgåvene som reindriftsforvaltninga hadde ansvaret for, som til dømes administrering av reindriftsstyret, medan fylkesmennene skal bidra til at styresmaktene når dei overordna måla for reindriftspolitikken. Arbeidet frå fylkesmennene er meir relatert til praktisk reindriftsarbeid, som å gi råd i gjerdesaker, godkjenne bruksreglar utarbeidd av distriktsstyret og gi dispensasjon frå beitebrukreglane.

Reindriftsstyret

Reindriftsstyret består av sju medlemmer med personlege varamedlemmer der fire av medlemmene med varamedlemmer blir nemnde opp av Kongen, og tre medlemmer med varamedlemmer blir nemnde opp av Sametinget.

Reindriftsstyret skal utføre ei rekkje oppgåver som er gitt i eller med heimel i reindriftslova, og bidra til at styresmaktene når dei overordna måla for reindriftspolitikken som er fastsett av Stortinget.

Reindriftsstyret er fagleg rådgivar for Landbruksdirektoratet, reinforskinga og rettleiingstenesta og skal behandle dei sakene som følgjer av lova, og dessutan etter Kongens nærare avgjerder. Verkeområdet i reindriftsstyret kan avgrensast til å omfatte reindrift innanfor det samiske reinbeiteområdet.

Ved oppnemning av medlemmer til reindriftsstyret skal det bli lagt vekt på ei rimeleg geografisk fordeling, allsidige faglege føresetnader og samfunnserfaring og mest mogleg lik representasjon av begge kjønn. Blant medlemmene skal det vere aktive utøvarar av reindrift i reinbeiteområde. Organisasjonane til reindrifta har framleggsrett.

Les meir om reindriftsstyret på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet

Ansvarsområdet for Landbruksdirektoratets avdeling reindrift er å bidra til å sikre at måla i reindriftspolitikken blir nådde. Dei skal forvalte reindriftslova og dei økonomiske ordningane i reindriftsavtalen for å bidra til auka verdiskaping. I dette ligg å leggje rammene for ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift og medverke til å sikre ressursgrunnlaget. I tillegg har direktoratet ansvar for å dokumentere arealbruk og rettar i reindrifta.

Landbruksdirektoratet er òg sekretariat og utøvande organ for reindriftsstyret, styret for Reindriftens utviklingsfond (RUF) og for Klagenemnda for reinmerkesaker. I tillegg er dei støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet.

Reindriftsforvaltninga frå Statsforvaltaren

Reindriftsforvaltning hos Statsforvaltaren skal bidra til at styresmaktene når dei overordna måla for reindriftspolitikken. Dei skal mellom anna kontrollere etablering og overflytting av siidaandelar, gi råd i gjerdesaker, godkjenne bruksreglar utarbeidde av distriktsstyret, gi dispensasjon frå beitebrukreglane når det finst sterke grunnar, fastsetje beitetider for årstidsbeitene viss det er naudsynt, og gi utsegner og fremje innvendingar i saker etter plan- og bygningslova.

Distriktsstyret

Alle reinbeitedistrikt i Noreg skal etter lova ha eit distriktsstyre som er valt av og blant dei aktive utøvarane av reindrift i distriktet.

Distriktsstyret skal administrere distriktet, både det som gjeld privatrettslege oppgåver, men òg oppgåver av offentlegrettsleg karakter. Dei offentlegrettslege oppgåvene er påbod om merking, skiljing og teljing, kontroll av reinmerke og pålegg om utdriving av rein til lovleg beiteareal. Vidare skal distriktsstyret utarbeide distriktsplan og ileggje ressursavgift.

Distriktsstyret er i nokre samanhengar . Det er distriktsstyret ved leiaren som representerer interessene til distriktet og kan inngå forlik, saksøkje og saksøkjast på vegner av distriktet i felles saker. Den prosessuelle posisjonen vil òg kunne føre til at kollektivet får materielle rettar eller pliktar.

Siida

Ein siida består av fleire siidaandelar som blir representerte av reineigarar. Reindrift er organisert og blir driven som ei familiebedrift, i ein siida. Siidaen er eit slekts- og driftsfellesskap organisert ut ifrå éin eller fleire grupper av søsken og søskenbarn, som saman med ektefellar, barn og eventuelt foreldre dannar fleire familiehushald og har rein saman.

Rein i siidaen er fordelte mellom dei enkelte siidamedlemmene, men blir drivne som ein flokk ved hjelp av den samla arbeidsinnsatsen til ulike familiemedlemmer. Dei enkelte reineigarane har reinene sine saman med dei andre sine, i ein flokk innan bestemde ressursområde (orohat) som høyrer til siidafellesskapet, og som er felleseie for siidaen.

Alle i hushaldet, husmora (eamit), husfaren (isit), barna og dei andre medlemmene har eigne reinmerke. Barna har fått rein og rettar til reindrift etter både mora og faren, heilt uavhengig av kjønn og alder.

Siidaen er basert på eit omfattande arbeids- og driftsfellesskap saman med dei andre familiane som er med i siidaen. Reindriftsarbeidet som samling, skiljing, flytting, slakting og anna blir gjort i fellesskap. I mange siidaer trengst det stor arbeidskapasitet, og fleire folk må jobbe samtidig.

I tradisjonell samisk reindrift har hushaldet vorte sett på som ei sjølvstendig eining som kan inngå som ein del av siidaen. Type og mengde arbeidsoppgåver knytte til behova til hushaldet og siidaen blir fordelt mellom mann og kvinne. Siidaarbeidsoppgåver er til dømes førebuingar til og arbeid med flokken i gjerde (gárddástallan).

Kvinne i samedrakt med ein flokk rein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stillinga for kvinner i reindrifta

Stillinga for kvinner har tradisjonelt vore sterk i reindrifta. Endringar i samfunnet og samfunnsstrukturen har ført til at reindriftskvinnene i mindre grad har hatt moglegheit til å delta aktivt i det daglege reindriftsarbeidet. Dette kan ha svekt posisjonen deira og ført til at reindriftsnæringa har vorte svært mannsdominert. Dette har hatt innverknad på miljøet og endra verdiar og haldningar i næringa.

Mange eldre reindriftssamar meiner at dersom den tradisjonsbaserte reindrifta skal kunne overleve, må dei samiske tradisjonane overførast både til jenter og gutar. Det betyr å få dei unge til å arbeide med reindrift som både leveveg og livsmåte. I dette ligg òg moglegheiter for dei unge til å få tileigna seg fagterminologien til reindrifta for kommunikasjon og for detaljkunnskap.

Samarbeid mellom generasjonane

Samarbeid mellom generasjonar er veldig viktig i alt det ein gjer i reindrifta. Dei eldre har mange erfaringar frå arbeidet sitt gjennom generasjonar, og dei blir derfor sett på som viktige kunnskapskjelder. Dei yngre spør alltid dei eldre til råds for å få lært mest mogleg. Mange av dei tradisjonelle elementa i reindriftskulturen blir slik overførte til neste generasjon gjennom både kvinner og menn, men kvinnene har hatt ei nøkkelrolle i ansvar for rekruttering av barn og unge til tradisjonsbasert samisk reindrift, med overføring av tradisjonell kunnskap til yngre generasjonar.

Siidaandel – reineigar

Ein siidaandel er organisert i ein siida. Med ein siidaandel blir det meint ei familiegruppe eller enkeltperson som er del av ein siida og som driv reindrift under leiing av ein person eller av ektefellar eller sambuarar i fellesskap.

Ein siidaandel skal ha ein leiar som må vere busett i Noreg. Ein reineigar kan berre vere ansvarleg leiar for éin siidaandel og kan òg berre ha rein i éin siidaandel. Ansvarleg leiar av siidaandelen bestemmer kven som får eige rein i andelen og reintalet til vedkomande. Mindreårige barn med foreldre som ikkje lever saman, har likevel lov til å eige rein i siidaandel både hos slekta til far og hos slekta til mor.

Visste du at det nordsamiske ordet for reindriftssame er johttisápmelaš eller badjeolmmoš?

Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL)

NRL har som formål å fremje interessene til reindriftssamane, både økonomisk, fagleg, sosialt og kulturelt. Landsforbundet skal arbeide for samhald mellom reindriftssamane og for at reindriftssamane skal styre utviklinga av næringa, slik at ho skjer på grunnlag av den sedvanemessige rettsoppfatning og dei prinsippa næringsverksemda til reindriftssamane byggjer på.

Personar kledde i samisk drakter rundt eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

NRL har tilslutning frå åtte lokallag som dekkjer det samiske reinbeiteområdet som strekkjer seg frå Sør-Varanger til Femunden. Det finst òg eit ungdomslag av NRL: NBR Noereh (sørsamisk) / NBR Nuorat (nordsamisk).

NRL gjennomfører årlege forhandlingar om reindriftsavtalen med staten ved Landbruks- og matdepartementet på vegner av reindriftsnæringa.

CC BY-SASkrive av IMGEira. Rettshavar: IMGEIRA
Sist fagleg oppdatert 09.09.2022

Læringsressursar

Reindrift i dei arktiske områda