Hopp til innhald

Fagstoff

Miljømessige utfordringar for reindrifta

Omgivnader og ytre levevilkår skaper miljømessige utfordringar for reindrifta. Klimaet er i endring. Det påverkar reinbeita. Beiteareal går tapt i konkurranse med anna næring. Rovdyr som ulv, bjørn og gaupe kan òg vere ein trussel.

Reinen si naturlege forflytting og ei driftsform er sjølve berebjelken for ein optimal produksjon. Grunnlaget for reindrifta er tilgangen på og utnyttinga av beitemark. Produksjonen i reindrifta er derfor avhengig av

  • storleiken på beitegrunnlaget
  • fordelinga på ulike beitetyper
  • vekstvilkår og fordelinga av beiteressursene

Nomadisk driftsform er ei form for tilpassing, sidan reindrifta er basert på trekk og flytting mellom vinterbeite i innlandet og sommerbeite i fjellområda ved kysten.

Reindrifta nyttar i dag nær 40 prosent av Noregs landsareal, fordelt på nesten 140 av kommunane i landet.

Dei største miljømessige utfordringane som reindrifta møter, er

  • klima og klimaendringar, som er dei største utfordringane òg resten av verda står overfor i dag
  • tap av reinbeiteareal til hyttebygging, kraftutbygging, vegar og gruvedrift
  • tap av rein til rovvilt som bjørn, ulv, jerv, gaupe og ørn som tek mange reinsdyr kvart år


Klima og klimaendringar i reindrifta

Klimaendringane er ein av dei største politiske utfordringane i verda. Sidan reindriftsnæringa er ei landbaserte næring, blir ho direkte påverka av framtidige klimaendringar.

Vinterbeiteområda til reindrifta i nord er dekt av snø 8–9 månader i året. Vinterbeitetilhøva for reinen er ein kritisk faktor. Derfor er kunnskap om snø viktig for reindriftsutøvarar. Snødekke, snømengde, snødjupne, snøkonsistens og snølag i dei ulike beiteområda har mykje å seie for moglegheitene reinen har til å kome seg gjennom snøen og ned til maten. Reindrift er derfor ei næring som i høg grad kan bli påverka av klimaendringar.

Driftsmønsteret, som gjennom tidene har tilpassa seg dei klimatiske tilhøva, kan bli utfordra. Framtidige klimascenario seier at gjennomsnittleg vintertemperatur kan auke med så mykje som sju til åtte gradar dei neste hundre åra i dei samiske reindriftsområda. Dette betyr at snøsesongen kan bli ein til tre månader kortare enn han er i dag, og at dei variable svingingane mellom frysing og tining vil auke i beiteområda. Det kan då bli danna islag i snøen samtidig som danninga av snøtypen seaŋáš (kornsnø) blir redusert. Dette vil forverre tilgangen reinen har til mat under snøen og gi krisevintrar.

Tap av reinbeiteareal

Reindrifta er i dag sterkt trua av inngrep. Reindrifta er avhengig av eit stort areal i den forstanden at betydelege område og ulike beitetyper er naudynt gjennom året. Reinen har behov for tilgang på grønt beite om sommaren og lavbeite om vinteren. Reindrifta haustar av fornybare ressursar og set i liten grad spor etter seg.

FNs miljøprogram har anslått at mellom 26 og 35 prosent av reinbeiteareala i dag er så sterkt forstyrra av ytre forhold at moglegheita for tradisjonell reindrift er kraftig redusert. Særleg i kystområda har tap av beiteland vore stort dei siste hundre åra.

Reindriftsnæringa mistar beiteareal på fleire måtar, hovudsakleg

  • ved at beiteområda blir fysisk øydelagde av til dømes vegutbygging og kraftutbygging
  • ved at beiteområda blir minka og mistar verdien sin
  • ved forstyrring av enkeltdyr nær inngrep, unnviking frå område
  • ved forureining og barrierar

Utbygging av vegar, kraftlinjer, hyttefelt, vindmøller og andre inngrep i reinbeiteområde aukar. Utbyggingssaker handlar som oftast om irreversible inngrep som fører til permanente arealtap for den samiske reindrifta. Dei areala der det er bygd ut, er tapte for oversynleg framtid.

Det biologiske grunnlaget for reindrifta blir påverka av arealinngrep. Reinen blir uroleg og stressa og får mindre tid til å beite i området. Det kan igjen føre til at dyr går tapt, slaktevekta søkk, og det går dårlegare med kalvinga.

Dette påverkar òg åtferda og instinkta til reinen. Reinen er var, så viss han skal passere ei hindring i lendet, ein veg eller ei kraftlinje, skal det lite til før han stoppar opp eller spring av garde. Når reinen oppfattar noko som trugande, vil han unngå å bruke området. Det skaper problem for dei som driv med rein.

Det som er mest skadeleg for reindrifta, er:

  • hytteutbyggingar
  • ferdsel
  • kraftutbygging
  • vegutbygging
  • gruvedrift
  • vindmøller
  • flytrafikk
  • skutertrafikk

Det er dermed stort behov for vern av areala til reindrifta, spesielt på sommarbeiteområde. Sikring av areala til reindrifta er eit sentralt arbeidsområde for reindriftsstyresmaktene.

Filmen Gollegiisá – Skattkammeret handlar om korleis auka etterspørsel etter mineral i verda bidreg til eit enormt fokus på naturressursane i nordområda. Reineigar Isak Mathis Triumf i Kautokeino kjempar ein einsam kamp mot eit svensk gruveselskap som ønskjer å starte ei gullgruve midt i beitelandet hans.

Tap av rein til rovdyr

Jerv, gaupe, bjørn, ulv og kongeørn er dei dominerande rovdyra i samiske reindriftsområde. Alle desse artane er i stand til å drepe middels store klauvdyr, som rein. Tap av rein på grunn av rovdyr er sannsynlegvis ein viktig faktor for produksjonsnivået i flokken. Den nasjonale forvaltninga av rovdyr fører til store tap for reindrifta.

Tips: Bruk det interaktive kartet med rovviltinformasjon på nettsida til Rovbase for å finne ut meir om rovdyr i reinbeiteland.

Rovdyrforvaltning

Bestandane av freda rovvilt blir forvalta nasjonalt med åtte forvaltningsregionar med kvar si rovviltnemnd. Innanfor kvar region er det fastsett bestandsmål for kvar enkelt viltart. Stortingets mål er å ha ei differensiert forvaltning ved å skilje rovvilt og beitedyr, og rovviltnemndene har utarbeidd forvaltningsplanar ut frå dette.

Styresmaktene tilbyr økonomisk kompensasjon når tamrein blir drepen eller skadd av rovvilt. Det er òg sett i gang tiltak for å førebyggje tap av rein til rovdyr, til dømes gjennom ekstraordinært tilsyn i kalvingsperioden eller kalving i gjerde, og intensiv gjeting utanom kalvingsperioden, tilleggsfôring eller vinterfôring og ekstraordinær flytting.

Reindriftsutøvarar må sjølv søkje både om erstatning for tap av rein til rovdyr og middel til å gjennomføre førebyggjande tiltak. Reineigarane må dermed forhalde seg til rovdyr på fleire måtar. Reineigarane må verne rein på beite frå rovdyr og òg skaffe bevis for eventuelle tap til den offentlege rovdyrforvaltninga.

Insekt

Reinen er svært ømfintleg for mygg og andre insekt som er ei plage om sommaren. Varme somrar og store myrområde med skog og kratt gir mykje insekt i innlandet. Slik er det ikkje ved kysten. Grunnen er at kjølig havluft og høge fjell med snøfonner held insekta borte.

I august er til dømes gormflua eller hudbrems (Hypoderma tarandi) veldig plagsam for reinen. Det er ein reinparasitt med eittårig livssyklus, og han gir reinen hudskader som plagar han og svekkjer allmenntilstanden. Dette skaper problem for reindrifta og kan føre til økonomiske tap.

Midt på sommaren er insektplaga stor. Då vil reinen opphalde seg i høgtliggjande område, bálggosbáikkit (uftingsplassar), der det til dømes er blokk- og grusmark, vatn og snøfonner eller isbrear. Her kan reinen kjøle seg ned, og han slepp å bruke energi på å halde insekta borte.

 Reinsdyrskinn med hol etter insektbitt. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2017

Læringsressursar

Reindrift i dei arktiske områda