Reindrift i ulike område - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Reindrift i ulike område

Det samiske busetjingsområdet og området for samisk språk er ikkje avgrensa til Noreg, men strekk seg geografisk over heile Nordkalotten.

Område for samisk busetjing og språk

Det samiske busetjingsområdet strekk seg i sør frå Femunden i Noreg, Dalarna i Sverige og nordover til Utsjok i Finland, Varanger i Noreg og Kolahalvøya i Russland.

Heile det samiske området utgjer utbreiingsområdet for det samiske språket. Samisk blir dermed tala i fire land, og det er ti ulike hovuddialektar/språk:

  • I Noreg, Sverige og Finland er nordsamisk mest utbreidd.
  • I Sverige og Noreg blir det i tillegg tala sørsamisk og lulesamisk.
  • Talet på dei som snakkar umesamisk og pitesamisk, er svært beskjedent, og språka blir berre nytta i Sverige.
  • I Finland blir det tala enaresamisk og skoltesamisk, i tillegg til nordsamisk.
  • I Russland er kildinsamisk mest utbreidd, mens ein svært liten del eldre samar framleis snakkar tersamisk.
  • Akkalasamisk, som vart nytta i same område som kildinsamisk, er nærast utdøydd.

Riksgrensene går på tvers av dei samiske språkgrensene. Sjølv om dei samisktalande til dels bur svært spreitt, spesielt i sør og vest, heng det samiske språkområdet saman ved at opphavlege nabodialektar overalt er gjensidig forståelege, og det finst inga absolutt språkleg grense.

Samisk reindrift i Noreg

Grunnlaget for samisk reindrift er nomadisme, altså forflytting med reinflokken over store område langs trekkrutene. Samisk reindrift finst i Noreg, Sverige, Finland og Russland, og det representerer om lag ein tredel av reindrifta i verda.

I Noreg og Sverige er reindrift ved lov avgrensa til samane, det betyr at berre samar har lov til å eige rein. Samane er urfolk i dei samiske områda, og desse områda er òg identiske med det samisk språkområdet.

Reindrifta nyttar ca. 40 prosent av Noregs landareal. Totalt i Noreg er det om lag 3100 samiske reineigarar som driv med reindrift. Reinbeiteområda der det blir drive samiske reindrift, finst i Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag og i nordaustlege delar av Hedmark i Innlandet. Vidare blir det drive tamreindrift i Trollheimen, i grenseområda mellom Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. I tillegg er det fire tamreinlag i Nord-Gudbrandsdalen og Valdres.

Reinbeiteområde og reinbeitedistrikt i Noreg

Noreg er delt inn i seks reinbeiteområde:

  • Øst-Finnmark (Karasjok, Polmak og Varanger reinsokn)

  • Vest-Finnmark (Kautokeino reinsokn)

  • Troms (tidlegare Troms fylke og Evenes og ein del av Narvik kommune i Nordland fylke)

  • Nordland (Nordland fylke unntatt dei delar som høyrer under Troms og Trøndelag)

  • Nord-Trøndelag (tidlegare Nord-Trøndelag fylke unntatt ein mindre del som høyrer under tidlegare Sør-Trøndelag og Hedmark fylke, ein mindre del av Sør-Trøndelag samt delar av Bindal, Grane og Hattfjelldal i Nordland)

  • Sør-Trøndelag/Hedmark (tidlegare Sør-Trøndelag fylke unntatt ein mindre del som høyrer under Nord-Trøndelag, samt mindre delar av tidlegare Nord-Trøndelag og Hedmark fylke)

Kvart reinbeiteområde i Noreg er inndelt i distrikt. Inndelinga i reinbeitedistrikt i Finnmark er fleire hundre år gammal. I Troms vart det i 1883 stadfesta at distrikt i fylket (den gong amt) skulle inndelast i 27 distrikt, 17 på fastlandet og 10 øydistrikt. Reindrifta i Finnmark er klart størst og dominerer næringa, med 75 prosent av siidaandelane i Noreg.

Øst-Finnmark

Øst-Finnmark reinbeiteområde har eit totalt areal på om lag 30 700 km2. Det blir avgrensa geografisk av kommunegrensa mellom Karasjok og Kautokeino i vest og den russiske grensa i aust. Reinbeiteområdet er delt inn i 15 reinbeitedistrikt som til saman ligg i 15 kommunar.

Vest-Finnmark

Vest-Finnmark reinbeiteområde har eit totalareal på om lag 24 400 km2. Det omfattar den vestre delen av Finnmark og den nordlegaste delen av Troms. Kommunegrensa mellom Karasjok og Kautokeino skil Øst- og Vest-Finnmark reinbeiteområde. Det er 28 sommarbeitedistrikt i Vest-Finnmark reinbeiteområde og 3 vinterbeitedistrikt som blir kalla soner (vestre, midtre og austre sone).

Troms

Troms reinbeiteområde følgjer andre grenser enn det tidlegare Troms fylke. Dei nordlegaste kommunane Kvænangen, Nordreisa, Skjervøy og delvis Kåfjord, ligg i Vest-Finnmark reinbeiteområde. I sør passerer Troms reinbeiteområde fylkesgrensene til Nordland. Fire av reinbeitedistrikta har beite i Nordland fylke. I tillegg er det tre distrikt som har tilgang på vinterbeite (konvensjonsbeite) i Sverige. Svenske samebyer har til gjengjeld rett til sommarbeite innanfor seks delområde i Troms.

Nordland

Nordland reinbeiteområde, som har 12 reinbeitedistrikt, følgjer litt andre grenser enn Nordland fylke. Kommunane nord for Narvik ligg i Troms reinbeiteområde. I sør ligg tre av kommunane i Trøndelag delvis innanfor Nordland reinbeiteområde. Bortsett frå eit par mindre øyar og Lofoten og Andøya blir heile Nordland fylke rekna som reinbeiteområde. Fire av reinbeitedistrikta i Nordland har òg tilgang på vinterbeite i Sverige. Til gjengjeld blir ni område i Nordland nytta til sommarbeite for svensk rein. Totalt dekkjer Nordland reinbeiteområde 34 kommunar.

Trøndelag

Alle reinbeitedistrikta i Nord-Trøndelag er heilårsdistrikt, der alle årstidsbeita finst innanfor same geografiske område. Distrikta kan grupperast i kystreindrift (Fovsen-Njaarke og Åarjel-Njaarke) og fjellreindrift (Gaasken-Laante, Skæhkere, Låarte og Østre Namdal). Kystreindrifta har vinterbeita mot kysten, mens fjellreindrifta har alle sine årstidsbeite i innlandet.

Reindriftsnæringa i Sør-Trøndelag/Hedmark består av fem reinbeitedistrikt fordelt på eit område som strekk seg over fire fylke.

Tamreindrift

Reindrift i Sør-Noreg, som ikkje er samisk reindrift, blir organisert gjennom tamreinlag i Lom, Vågå, Fram og Filefjell i form av dellag/aksjeselskap som er eigd av folk i bygda.

Andre reindriftsfolk i verda

Visste du at det ikkje berre er samar som driv med reindrift?

I verda er det i tillegg til samar ca. 20 andre urfolk som driv med reindrift. Dette inkluderer nærare 100 000 reineigarar eller reingjetarar og 2,5 millionar tamrein. Reindrifta blir driven i 28 regionar i ni land og dekkjer eit areal på 4,8 millionar km2, noko som er meir enn ni–ti gonger så stort som Noreg.

Dei aller fleste av desse urfolka er i det nord, i Noreg, Sverige, Finland, Russland, Mongolia og Genhe-området i Kina. Reindrift har stor kulturell og økonomisk betyding for urfolka i det nordlege og for andre folkeslag.

Dei som driv med reindrift, kan delast i ulike grupper:

  • uralske folk: samar, nenetsarar, khanti, mansi, selkups, enets, nganasan og khet
  • altaiske folk: dolganarar, tofalararar, todzhatuva, soyotre og dukha
  • tungusiske folk: evenar, evenkar, negidalar og orokar
  • paleoasiatiske folk: chukchi, koryak, chuvan og yukagir
  • andre som driv med rein, er komi, yakutarar, finn, nordmenn, russarar, inupiat, yupik og inuittar.

I Murmanskaya Oblast i Russland er det ca. 60 000 rein og ca. 200 personar som driv med reindrift, desse er mellom anna russarar, samar, komi og nenetsarar. I områda Nenets Aut. Okrug og Arkhangelsk oblast er det nenetsarar og komi som driv med reindrift. Der er det ca. 370 000 rein.

Felles kjenneteikn

Det er mange likskapar mellom den samiske reindrifta og reindrift hos andre folkegrupper, til dømes reindrifta blant nenetsarar og chukchi. Alle reindriftsfolk nyttar reinskinn til klede, pesk og lue. Sjølv om peskane ikkje er identiske og nenetsarar har den særeigne pynten sin, kan vi sjå nokre likskapar, spesielt på korleis tøy blir nytta som pynt i ermane.

Alle nyttar rein som køyretøy/transport, sjølv om skuteren blir nytta stadig meir i alle område. Ved spesielle høve blir reinen pynta på same måte, sjølv om pynten er ulik. Reindriftsfolket har òg bruk av lasso og å kappkøyre med rein til felles. I dei russiske områda køyrer dei med 4–5 rein samtidig, mens i Noreg blir berre nytta ein rein.

Telta som reindriftsfolka nyttar, lávvu og chum (på russisk), er konstruerte og bygde på same måte. Innvendig er det òg store likskapar, som til dømes kvar utstyr, omn og hushaldsgjenstandar er plasserte. I alle områda er plassen til kvinnene på venstre side av elden.

Sjekk kva du hugsar frå fagteksten

  • Kva er eit reinbeiteområde?
  • Kva er eit reinbeitedistrikt?
  • Kvar i verda finn vi reindrift?
  • Omtrent kor mange personar er tilknytte den samiske reindrifta i Noreg og i verda?
Skrive av IMGEira. Rettshavar: IMGEira
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020