Hopp til innhald
Fagartikkel

ATV og snøskuter

Til lettare transportoppdrag er ATV og snøskuter eigna køyretøy, men det er strenge reglar for køyring i utmark. Opplæring er nødvendig for å unngå ulykker.

ATV

ATV-en er eit lett køyretøy som kan brukast nær sagt overalt, både på vegar og i terrenget. Køyretøyet er særleg eigna til mindre og lettare transportoppgåver både til arbeid og fritid. Ein ATV er utstyrt med breie hjul og lågt lufttrykk, noko som gjer at han flyt godt på mjukt underlag. Vanleg utstyr kan vera tilhengar for tømmer eller kasse, transportkasse på maskina eller sete for persontransport.

Det restriksjonar på bruken av ATV i utmark, så her må du kjenna dei reglane som gjeld. Skal du bruka ATV på veg, må køyretøyet vera godkjent/registrert, og du må ha sertifikat tilpassa storleiken og farten. Det er mange ulykker med ATV, så kunnskap og opplæring før bruk er nødvendig.

Snøskuter

Snøskuteren har vore brukt i Noreg i lang tid. Reindriftssamane var blant dei første som tok i bruk snøskuteren i yrket sitt. Sidan har køyretøyet vorte populært overalt der ein har behov for transport på snøføre. Det kan handla om transport til hytta, redningsteneste, oppsynsteneste i fjellet eller andre former for person- eller varetransport.

Det har skjedd ein del ulykker med snøskuter. God opplæring og kunnskap om sikker bruk er nødvendig før du køyrer snøskuter på eiga hand. Det er også viktig at du tek omsyn til vegetasjon, dyreliv og andre menneske når du ferdast i naturen på snøskuter, og det er strenge restriksjonar på bruken av snøskuter i utmarka eller på fjellet. Du må kjenna reglane for bruk og henta inn løyve der det er nødvendig.