Film og filmklipp
Naturgrunnlaget
Naturbruk handlar om å drive næring basert på naturressursar. På Vg1 naturbruk lærer du om tradisjonelle og nye driftsformer innanfor norske og samiske næringar. Naturen er grunnlaget for matproduksjon, hausting av ulike råvarer – og for aktivitet og opplevingar med dyr og natur.
Omgrep frå filmen – finn definisjonar av desse:
- naturgrunnlaget
- naturmangfald
- naturtype
- verdiskaping
- naturressurs
- berekraftig
Diskuter i klassen:
- Kva er natur?
- Finn døme på korleis vi menneske er avhengige av naturen.
- Forklar kvifor vi har stort naturmangfald i Noreg.
- Kva er grunnen til at vi kartlegg naturen?
- Kva vil det seie å forvalte naturen?
- I filmen ser vi eit døme på ein ny måte å ta i bruk naturressursar på. Tømmer blir laga om til grisefôr. Kjenne de til andre døme på nye, naturbaserte produkt eller tenester?
- Finn døme på berekraftig naturbruk.
- Kjenner de til døme på bruk av natur som ikkje er berekraftig?