Hopp til innhald

Fagstoff

Yrke: fagoperatør i akvakultur

Laks er den viktigaste arten i norsk oppdrettsnæring, men oppdrett av andre artar av fisk og skaldyr aukar. På jobb i oppdrettsnæringa får du vere mykje ute, og du får jobbe med levande organismar som skal bli mat på ein internasjonal marknad.

Finn ut meir om yrket fagoperatør i akvakultur

Sjå filmen over og bruk informasjon frå nettsidene under når du arbeider med oppgåvene.

  1. Korleis kan du utdanne deg til å bli fagoperatør i akvakultur?

  2. Kva arbeidsoppgåver har ein fagoperatør i akvakultur?

  3. Kva for nokre personlege eigenskapar trur du er gode å ha for ein fagoperatør i akvakultur?

  4. Kva treng du kunnskap om for å jobbe som fagoperatør i akvakultur? Gi døme og forklar kvifor du treng denne kunnskapen i dette yrket.

  5. Kvar kan du få jobb som fagoperatør i akvakultur?

  6. Kva jobbar ein fagoperatør i akvakultur med?

  7. Kva råvarer, produkt eller tenester jobbar du med som fagoperatør i akvakultur?

  8. På kva måte kan ein fagoperatør i akvakultur vere med på å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein måte?

  9. Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider ein fagoperatør i akvakultur med?

Høgare utdanning i akvakultur

Med studiekompetanse kan du søke deg inn på universitet eller høgskule, og du kan ta akvakulturutdanning (fiske og havbruk) på både bachelor- og masternivå.

Denne filmen viser kva ein fiskehelsebiolog jobbar med:

  1. Kva jobbar kan du få med høgare utdanning i akvakultur?

  2. Diskuter forskjellar og likskapar mellom ei yrkesutdanning med fagbrev og ei høgskuleutdanning.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2022

Læringsressursar

Introduksjon til akvakultur