Hopp til innhald

Fagstoff

Yrke: fiskar

Norsk sjømat er kjend for å ha god kvalitet. For å halde oppe omdømmet trengst det fagfolket som har kunnskap og ferdigheiter når det gjeld fangst, fartøy og miljø. På jobb som fiskar er du mykje ute, du kan føre din eigen båt og eller vere mannskap på større fartøy som fiskar over heile verda.

Finn ut meir om yrket fiskar

Sjå filmen over og bruk informasjon frå nettsidene under når du arbeider med oppgåvene.

  1. Korleis kan du utdanne deg til å bli fiskar?

  2. Kva arbeidsoppgåver har ein fiskar?

  3. Kva for nokre personlege eigenskapar trur du er gode å ha for ein fiskar?

  4. Kva treng du kunnskap om for å jobbe som fiskar? Gi døme og forklar kvifor ein fiskar treng denne kunnskapen.

  5. Kvar kan du få jobb som fiskar?

  6. Kva jobbar ein fiskar med?

  7. Kva råvarer, produkt eller tenester jobbar du med som fiskar?

  8. På kva måte kan ein fiskar vere med på å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein måte?

  9. Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider ein fiskar med?

Høgare utdanning i fiske og fangst

Med studiekompetanse kan du søke deg inn på universitet eller høgskule, og du kan ta utdanning på både bachelor- og masternivå innan fiske og havbruk.

  1. Kva jobbar kan du få med høgare utdanning i fiske og havbruk?

  2. Diskuter forskjellar og likskapar mellom ei yrkesutdanning med fagbrev og ei høgskuleutdanning.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2022

Læringsressursar

Fiskeri – næring, yrket og produkt