Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Omgivnader og utforming i praksis

Omgivnadene og utforminga av rom påverkar både arbeidsmiljøet og opplevingane til pasientane. Universell utforming og tilrettelagde lokale med behageleg lys, lyd og lukt bidreg til tryggleik, god service og auka velvære for alle som bruker helsetenestene.

1. Utforsk prinsippa for universell utforming

Jobb saman i par eller gruppe.

  1. Gjer dykk kjende med prinsippa for universell utforming. Lag ein plakat med illustrasjonar.

  2. Undersøk universell utforming på ulike arbeidsplassar for helseservicearbeidaren.

    1. Lag ei sjekkliste med kva de vil undersøke.

    2. Besøk ulike arbeidsplassar og kryss av på sjekklista.

    3. Lag ein presentasjon av funna dykkar.

  3. Reflekter saman i klassen.

    1. Korleis kan universell utforming vere bra for alle?

    2. Kva kan vere konsekvensane for menneske med funksjonsnedsetjingar dersom universell utforming ikkje er vareteken i nærmiljøet deira og i ulike helsetenester?

2. Utforsk velvære

  1. Utforsk omgrepet velvære. Lag ein presentasjon eller ein plakat som forklarer omgrepet. Bruk òg bilete/illustrasjonar i presentasjonen.

    • Kva betyr velvære?

    • Kva gir menneske kjensle av velvære?

    • Korleis kan helseservicearbeidaren bidra til velvære for folk?

    • Korleis kan service og utforminga av lokale påverke velvære?

    • Kva rolle speler kjensler (emosjonar) for oppleving av velvære?

    • Kva har velvære å seie for helsa?

  2. Observasjon

    1. Observer og beskriv utforminga av lokala på skulen eller ei helseteneste, både tilkomst og inne i bygninga og uteområdet.

      • Korleis er fargar, møbel, lyd og lys, informasjon/skilt, kunst/foto og plantar brukte i utforminga?

      • Kvar er veggane og vindauga? Kva ser de gjennom vindauga?

      • Kva plantar, kunst og materiale er brukte ute og rundt lokalet?

    2. Beskriv det du ser i miljøet, som bidreg til velvære, trivsel og tryggleik, og kva som kan ha ein negativ effekt. Grunngi kvifor du meiner det bidreg eller ikkje bidreg til velvære.

    3. Diskuter i klassen korleis utforming og innreiing av bygningar og omgivnader vere helsefremmande.

  3. Fotoprosjekt: Velvære i bilete

    1. Ta bilete av det de meiner påverkar velvære.

    2. Lag ei utstilling av bileta og ein kort tekst til kvart bilete som seier noko om kva i motivet som skaper velvære.

3. Praktisk oppgåve: Lag ein modell

Lag ein modell av eit legekontor, tannlegekontor, apotek eller sjukehus. Bruk ulike materiale, til dømes formings-, natur- og gjenbruksmateriale som pappesker, tekstil, garn, plast, treverk, stein og liknande.

Modellen skal vise ein stad der pasientane/brukarane og dei tilsette trivst og opplever velvære, i tillegg skal universell utforming vere vareteken. Tenk nøye gjennom korleis omgivnadene skal sjå ut.

  1. Diskuter og lag skisser over

    • romma (resepsjon, venterom, behandlingsrom, korridor og så vidare) med møbel og innreiing (eit oversiktsbilete)

    • fargar, former og materiale som skaper eit trygt og inkluderande innemiljø

    • korleis helsetenesta blir tilgjengeleg for alle, uavhengig av funksjonsevne

  2. Bruk skissa de har laga, og bygg modellen.

  3. Presenter modellen for klassen. Forklar og grunngi vala de har teke.

Relatert innhald

Lyssetjing og universell utforming

Lys kan skape tryggleik og gjere bygg meir framkommelege. Universell utforming sikrar at alle skal kunne bruke uteområde og bygningar på ein likeverdig måte.

Kva er universell utforming?

Universell utforming er ein måte å planlegge og bygge opp samfunnet på slik at menneske med nedsett funksjonsevne blir ein del av samfunnet (integrert).

Skrive av Siv Stai og Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 13.10.2025