Oppgåve
Yrkesetiske retningslinjer
Yrkesetiske retningslinjer gir råd om korleis du kan løyse etiske dilemma som oppstår i arbeidet. Fagorganisasjonane som organiserer dei tilsette i helse- og omsorgstenestene, har utarbeidd etiske retningslinjer for medlemmene sine.

Oppgåver
Bruk lenkjene under til å gjere dykk kjende med dei yrkesetiske retningslinjene for medlemmene av kvar av dei to fagorganisasjonane som mange helsefagarbeidarar er medlemmer av. Samanlikn retningslinjene og svar på det følgjande:
- Kva punkt er samanfallande for begge organisasjonane?
- Kva er ulikt?
- Kva punkt tenkjer du burde vore med i tillegg det som står i dei yrkesetiske retningslinjene? Diskuter med ein medelev.
- Lag ein digital plakat med eigne forslag til yrkesetiske retningslinjer for helsefagarbeidarar.
Relatert innhald
Yrkesetiske retningslinjer for helsefagarbeidarar (Delta)
Nettside hos delta.no
Etikk i helse- og sosialtenester (Fagforbundet)
Nettside hos fagforbundet.no