Sjef i eige liv - Yrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Sjef i eige liv

Sjølvbestemming bidreg til motivasjon og kan auke livskvaliteten til eit menneske. Sjølvbestemming er meir enn det å bestemme sjølv – det handlar om å vere den som får ting til å skje i sitt eige liv. Det å vite at andre vil det beste for deg, legg grunnlaget for sjølvbestemming.
Video: Hilde Gullhaug Hernes / CC BY-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig for Vetle at det er han som bestemmer?

  2. Kva inneber brukarstyring for deg viss du skal jobbe som brukarstyrt personleg assistent?

  3. Kva gjer assistenten for at Vetle skal kjenne seg sett?

  4. Kva rolle speler humor i relasjonen mellom Vetle og assistentane?

  5. Kva er samanhengen mellom sjølvbestemming, motivasjon og sjølvrealisering?

  6. Kvifor vil tryggleik, tillit og ein god relasjon mellom den som yter hjelp, og den som får hjelp, vere avgjerande for om sjølvbestemminga blir vareteken?

  7. Kvar går grensene mellom å vere privat, personleg og profesjonell i jobben som brukarstyrt personleg assistent?

Skrive av Vigdis Haugan og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2023