Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Seksuell trakassering på arbeidsplassen

Som helsepersonell skal du føle deg trygg på kollegaene dine for å kunne gjere ein god jobb, og de skal samarbeide på ein profesjonell måte. Å bli utsett for uønskt seksuell merksemd frå brukarar og pasientar er òg uakseptabelt.

Film om seksuell trakassering

I filmen under (lengde 6:49) forklarer ulike fagpersonar meir om temaet seksuell trakassering. Vi møter seniorrådgivar Gunn Robstad Andersen i Arbeidstilsynet, sjukepleiar Liv Bjørnhaug Johansen og fagdirektør Claus Jervell i Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Video: Applaus! Film & TV / Avgrensa gjenbruk

Kven har ansvaret?

Du har ansvar for å seie frå om uønskte hendingar, og leiinga har ansvaret for å ta deg på alvor. Dei skal òg gi deg rettleiing når pasientar er for pågåande. Eit tiltak kan vere å setje inn ekstra ressursar. Andre tiltak kan vere at de snakkar om det på avdelinga og gir kvarandre råd. Gode førebyggande tiltak og eit verneombod som er merksam på problematikken, er viktig. Det er òg viktig at du tenker nøye over korleis du opptrer på jobb slik at ikkje andre opplever åtferda di som trakassering.

Uønskte hendingar frå kollegaer kan bli eit stort arbeidsmiljøproblem, og det er viktig at du seier frå til leiinga, andre kollegaer eller verneombodet. Det kan òg meldast til Arbeidstilsynet. Du skal føle deg trygg på jobb og på arrangement i regi av jobb.

Utfordringar til deg

  1. Kva blir meint med seksuell trakassering?
  2. Kvifor er det viktig å seie frå dersom du opplever uønskt seksuell merksemd på jobben?

  3. Kvifor er det viktig å tenke over at det du meiner som ein morosam kommentar til ein kollega eller venn, kan bli oppfatta som trakassering?

Skrive av Hege Nikolaisen og Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 18.09.2025