Hopp til innhald
Fagartikkel

Samtykke og samtykkekompetanse

Behandling skal i utgangspunktet skje etter samtykke frå pasienten. Skal eit samtykke vere gyldig, blir det likevel stilt krav til alderen på pasienten, til dei personlege føresetnadene til pasienten og til den situasjonen samtykket blir gitt i. Eit samtykke kan trekkjast tilbake når som helst.

Samtykkekompetanse vil seie at pasienten har innsikt i og er i stand til å vurdere konsekvensen av vala sine etter at tilstrekkeleg informasjon er gitt.

Samtykke kan bli gitt uttrykkjeleg ved at pasienten seier at han eller ho er villig, eller det kan givast stilleteiande ved at pasienten ikkje seier noko, men til dømes strekkjer ut armen så det kan bli tatt blodprøve.

Manglande samtykkekompetanse

Enkelte pasientar, til dømes dei som er demente eller medvitslause, manglar heilt eller delvis samtykkekompetanse. Det vil seie at dei ikkje lenger har full innsikt i sin eigen livssituasjon, og at dei ikkje forstår kva eit samtykke vil seie.

Pasient- og brukarrettslova gir tilgjenge til å gi naudsynt helsehjelp til personar som manglar samtykkekompetanse og motset seg helsehjelp. Reglane gjeld all somatisk helsehjelp til mellom anna personar med demens, menneske med nedsett psykisk funksjonsevne og menneske med nedsett fysisk funksjonsevne som til dømes medvitslause personar.

Som helsehjelp reknar vi handlingar der målet er å førebyggje, verne helsa, stille diagnose, behandle eller rehabilitere eller handlingar der målet er å gi pleie og omsorg.

Dokumentasjon av manglande samtykkekompetanse

Avgjerd om manglande samtykkekompetanse må dokumenterast skriftleg av den som gir helsehjelp, og avgjerda skal leggjast fram for pasienten og næraste pårørande.

I saker som kan få alvorlege konsekvensar for pasienten, kan næraste pårørande og kvalifisert helsepersonell opplyse om kva pasienten ville ha ønskt av behandling. Opplysingane til pårørande skal i slike tilfelle bli førte i journalen.

Kven er pårørande?

Næraste pårørande er den som pasienten sjølv har meldt som sin næraste pårørande. Dersom pasienten ikkje har meldt nokon som pårørande, gjeld denne rekkjefølgja: ektefelle (partnar/sambuar), myndige barn, foreldre, myndige søsken, besteforeldre, andre nære familiemedlemmer, verje eller hjelpeverje.

Pasientar kan gi skriftleg fullmakt til ein pårørande eller ein annan som skal hjelpe på alle trinn i behandlingsprosessen. Ei slik fullmakt er gyldig òg om personen som underteikna ho, seinare mistar evna til samtykke, til dømes ved demens. Fullmakta bør vere spesifisert med tanke på ansvarsområde og varigheit, og ho bør bli utforma så tidleg som mogleg i eit sjukdomsforløp.

Utfordringar til deg

  1. Kven er den næraste pårørande for deg, og kven kan gi samtykke på vegner av deg?
  2. Tenk over situasjonar der du har møtt personar med manglande samtykkekompetanse i praksis eller andre stader.
  3. Diskuter i klassen døme på naudsynt helsehjelp til personar med manglande samtykkekompetanse med utgangspunkt i pasient- og brukarrettslova § 4 A.

Relatert innhald

Skrive av Birgit Flaten og Limit.no as. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.10.2020