Organisasjon X - ditt eige forskingsprosjekt om arbeidsmiljø

Forskingsprosjekt
Her skal du prøve deg på eit lite forskingsprosjekt. Viss du har ein jobb sjølv, kan du gjerne ta utgangspunkt i din eigen arbeidsplass. Du kan også ta utgangspunkt i ei gruppe tilsette ved skulen, til dømes kan du spørje dei som jobbar med reinhald, administrativt tilsette, eller lærarane. Ta utgangspunkt i nærmiljøet ditt, der det kan vere enklare å finne nokon som vil la seg intervjue og ein arbeidsplass du kan besøke for å observere.
1. Førebuing
Finn ein arbeidsplass med ein organisasjon. Hugs at organisasjon er to eller fleire menneske som arbeider for å nå felles mål. Hugs også at ein organisasjon kan bestå av få eller svært mange menneske, og i tillegg vere bygd opp på mange ulike måtar. Vel en organisasjon og arbeidsplass der du er nysgjerrig på arbeidsmiljøet og korleis organisasjonen er bygd opp og blir leia.
Problemstillinga du kan ta utgangspunkt i er: Kva meiner ein tilsett om arbeidsmiljøet der hen jobbar, og kva kjenneteiknar det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet på arbeidsplassen?
Kontakt organisasjonen og spør om du kan få lov å intervjue ein representant, eller kome på besøk for å observere kva dei arbeider med.
Skriv ein kort presentasjon av organisasjonen og arbeidsplassen og kvifor du har valt nettopp denne.
2. Observasjon og intervju – førebuing
Les om observasjon i artikkelen "Observasjon".
Beskriv korleis du har tenkt å gå fram for å observere arbeidsplassen.
Les om intervju i artikkelen "Kvalitative intervjuundersøkingar".
Lag ein enkel intervjuguide.
3. Presentasjon av funn
Etter å ha intervjua og/eller observert på arbeidsplassen: Skriv eit notat som beskriv arbeidsmiljøet og korleis arbeidet er organisert.
4. Kjenneteikn godt arbeidsmiljø og trekk frå organisasjonsteoriar
Gjer greie for om du finn kjenneteikn på eit godt arbeidsmiljø ved denne arbeidsplassen, og om du ser trekk frå ein eller fleire organisasjonsteoriar.
5. Rapport
Lag presentasjonen av arbeidsplassen, korleis du har gått fram for å samle inn informasjon, og kva du fann ut. Du kan bruke følgjande punkt for disposisjon og utkast for rapporten:
Innleiing med presentasjon av arbeidsplassen og problemstilling
Grunngiving for val av metode
Kort oppsummering av organisasjonsteoriar og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø, altså teoriar og fagstoff du brukar i analyse og diskusjon
Analyse og diskusjon av kva du fann ut
Avslutning/kort oppsummering
Legg ved kjelder og ha eventuelt intervjuguiden din som vedlegg.