Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Avvik og avvikshandtering

Å melde avvik er ei lovpålagd plikt for alle arbeidstakarar, òg i helse- og omsorgstenesta. Avviksmeldingar bidreg til å oppdage feil, førebygge at feil skjer på nytt, og sikre kvalitet og sikkerheit. Her ser vi på reglane og betydninga av ein god avvikskultur.

Kva er eit avvik?

Eit avvik er eit brot på krava i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga. I denne samanhengen blir alle uønskte hendingar som kan føre til, eller har ført til, skade på menneske, materiell eller miljø, rekna som HMS-avvik. Eit avvik kan òg vere brot på interne reglar på arbeidsplassen – til dømes viktige rutinar for hygiene eller sikkerheit.

Lovgrunnlaget

Arbeidsmiljølova stiller klare krav til både arbeidsgivar og arbeidstakar når det gjeld helse, miljø og sikkerheit (HMS):

Arbeidsgivar har ansvar for å etablere reglar, prosedyrar og rutinar for korleis arbeidet skal utførast på ein forsvarleg måte.

Arbeidstakar har plikt til å medverke aktivt i HMS-arbeidet for verksemda. Ifølge arbeidsmiljølova § 2-3 skal alle tilsette melde avvik og straks varsle arbeidsgivar og verneombod ved feil eller manglar som kan utgjere fare for liv eller helse, dersom dei ikkje sjølve kan rette opp forholdet.

Avviksarbeid har derfor ein dobbel funksjon:

  • Det vernar tilsette mot utrygge arbeidsforhold.

  • Det bidreg til pasientsikkerheit for kundar, pasientar og brukarar. Når HMS-rutinar for hygiene, smittevern, legemidellhandtering og bruk av utstyr blir følgde, blir risikoen for skade, feilbehandling og smitte redusert.

I tillegg har pasientane og brukarane etter pasient- og brukarrettslova krav på forsvarleg helsehjelp. Avviksarbeid er eit viktig verktøy for å oppfylle denne lovpålagde retten.

Korleis melde og handtere avvik i praksis

Alle arbeidstakarar har altså lovpålagd plikt til å melde avvik. Det inneber å seie frå når noko på arbeidsplassen ikkje fungerer som det skal – til dømes ved ei nestenulykke, ein skade, manglande rutinar eller andre brot på HMS-krav. Ei god avviksmelding bør innehalde det følgande:

  • kva som skjedde

  • kvar og når

  • kven som var involvert

  • moglege konsekvensar og eventuelle strakstiltak

Arbeidsgivar har ansvar for å opprette eit avvikssystem. I mange verksemder er dette eit digitalt system, til dømes eit skjema på intranettet. Viss det oppstår ein situasjon som krev strakstiltak, som til dømes ved fare for liv og helse, kan vi melde avvik munnleg til næraste leiar eller verneombod. Ein munnleg beskjed skal likevel alltid registrerast i avvikssystemet av den som melde avviket, i etterkant, slik at hendinga blir dokumentert og følgt opp. Arbeidsgivar har ansvar for å handtere avvik, setje i verk nødvendige tiltak, følge opp prosessen og gi tilbakemelding til den som melde frå.

Eit godt HMS-arbeid bygger på ein kultur der tilsette trygt kan melde avvik, der avvik blir brukte til læring og forbetring, og der leiinga følger opp systematisk med synlege tiltak.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan konsekvensane bli for kundar, pasientar og brukarar dersom avvik, som til dømes brot på hygienerutinar, ikkje blir melde?

  2. Korleis ville du oppleve det dersom du oppdaga og melde frå om eit avvik, men ingen tok deg på alvor?

  3. Kva kan konsekvensane bli viss arbeidsplassen har ein kultur der dei tilsette er redde for å melde avvik?

  4. Rett handtering av avvik kan vere med på å førebygge alvorlege hendingar i framtida. Forklar kvifor.

Kjelder

Arbeidsmiljølova. (2005, 17. juni). Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (LOV-2005-06-17-62). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-06-17-62

Arbeidstilsynet. (u.å.). Avvik og avvikshandtering. Henta 11. august 2025 frå https://www.arbeidstilsynet.no/hms/avvik-og-avvikshandtering/

Internkontrollforskrifta. (1996, 6. desember). Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (FOR-1996-12-06-1127). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/1996-12-06-1127

Relatert innhald

Internkontrollforskrifta

Internforskriften skal sørgje for at lover og forskrifter i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga som gjeld for verksemda, er tilgjengelige.

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova skal sikre skal sikre eit godt arbeidsmiljø med trygge og rettferdige tilsetjingstilhøve.


Skrive av Aleksandra Krogh.
Sist oppdatert 01.10.2025