Oppgave
Å jobbe som helsefagarbeidar
Behovet for helsefagarbeidarar er stort, og det er forventa å auke i åra som kjem. Arbeidsoppgåvene varierer avhengig av kvar du arbeider, og krava til erfaring og kompetanse er òg ulike for ulike arbeidsstader.
- Kva for nokre ulike arbeidsstader kjenner du til for helsefagarbeidarar?
- Kva arbeidsoppgåver har ein helsefagarbeidar på dei ulike stadene du kjenner til?
- Gå til nettsida for kommunen din og finn tre moglege arbeidsstader for deg som helsefagarbeidar. Beskriv dei ulike arbeidsplassane.
- Gå til nettsida for næraste helseføretak. Lag ei oversikt med dei ulike stillingane som kan vere aktuelle for deg som helsefagarbeidar der.
- Gå inn på stillingsannonsane i lenkja til Nav som ligg som relatert artikkel. Finn minimum fire annonsar der det blir søkt etter helsefagarbeidarar.
- Beskriv kort kva annonsane inneheld.
- Kva krav blir stilte til kompetanse og erfaring?
- Kva lønn blir tilbydd?