Miljømedviten og forsvarleg bruk av utstyr

Berekraft i helsevesenet
Vi står alle overfor utfordringa med å redusere CO2-utsleppa for å bidra til ei meir berekraftig framtid – dette gjeld sjølvsagt òg i helsevesenet. Berekraft og miljømedvit er viktig på alle område, og i helsearbeid handlar det mellom anna om å redusere bruk av verneutstyr og å redusere avfallsmengdene. Samtidig skal ikkje berekraftige tiltak gå ut over smittevern som er avgjerande for å verne både pasientar og helsepersonell. Likevel er det mogleg å vere meir medviten om korleis og når vi bruker verneutstyr, og korleis vi handterer avfallet, av omsyn til miljøet. Små endringar kan bidra til å redusere miljøavtrykket til helsevesenet samtidig som vi held oppe høg kvalitet og sikkerheit i arbeidet. Personleg verneutstyr og eingongsutstyr av plast er blant dei største miljøutfordringane i helsevesenet, og i dei neste avsnitta skal vi sjå nærare på dette.
Eingongshanskar
Overforbruk av eingongshanskar i helsesektoren skadar både miljøet og pasientsikkerheita. Kvart år blir 70 millionar hanskar brukte utan at det er behov for det. Dette skaper unødvendig avfall og slepper ut mykje CO2 gjennom produksjon, transport og avfallsforbrenning.
Vi må gjere noko med dette – og det startar med deg!
For å bidra til berekraft og samtidig halde oppe godt smittevern kan du bruke eingongshanskar berre når det verkeleg er nødvendig. Ifølge Folkehelseinstituttet (FHI) skal hanskar berre brukast ved forventa kontakt med blod, kroppsvæsker, slimhinner, ikkje-intakt hud eller ved smittevernbehov.
I mange situasjonar, som handhelsing, blodtrykksmåling, handtering av reine instrument eller pasienttransport, treng du ikkje hanskar. I staden kan du sørge for god handhygiene før og etter prosedyren.
Hugs
Bruk av hanskar erstattar ikkje behovet for handvask eller desinfeksjon.
Kvifor blir det brukt så mange hanskar?
Utryggleik, manglande kunnskap, tidspress eller avbrotne prosedyrar kan føre til unødvendig hanskebruk. Når du reflekterer over dette, kan du bidra til å bryte vanane.
Kva kan vi gjere saman?
Ha jamlege kurs, workshops og diskusjonar på arbeidsplassen.
Følge tydelege prosedyrar og retningslinjer for hanskebruk.
Avgrense tilgangen til hanskar der det er forsvarleg.
Legge til rette for betre handvask med fleire vaskestasjonar.
Samarbeide med leverandørar for å få betre kvalitet på hanskar og emballasje.
Måle hanskebruk og dele resultat.
Ved å ta desse grepa kan vi redusere unødvendig avfall og jobbe meir berekraftig, samtidig som vi sikrar smittevern og pasientsikkerheit.
Eingongsutstyr
I tillegg til hanskar finst det andre eingongsprodukt og plastartiklar som utgjer ein stor del av avfallet og miljøbelastninga frå tannklinikkar og andre delar av helsevesenet. Eit av dei største problema ved bruk av plast i dagens samfunn er mangel på rett avfallshandtering, gjenvinning og produksjon. Å redusere bruken handlar både om miljøomsyn og om å effektivisere ressursbruk, som sagt utan at det går ut over smittevern og pasientsikkerheit.
Eit av dei første trinna er bevisstgjering og haldningsendring blant tilsette. Dette inneber at vi må auke forståinga av den miljømessige belastninga som følger med unødvendig bruk av eingongsartiklar. Gjennom intern opplæring og diskusjonar om berekraftige praksisar kan vi saman bli meir engasjerte og motiverte for å gjere nødvendige endringar.
Eit anna viktig tiltak er å erstatte eingongsprodukta med fleirgongsprodukt der det er fagleg forsvarleg. Til dømes kan plastkoppar erstattast med stålkoppar som kan reingjerast og brukast på nytt.
Liknande tiltak, som å tilby tøflar eller innesko til pasientane i staden for plastovertrekk på skoa, kan bidra mykje til å redusere avfallsproduksjonen. Skoovertrekk har dessutan vist seg å vere ineffektive for å redusere forureining av golv og kan auke risikoen for kontaminasjon av hender, noko som gjer dei ueigna som smitteførebyggande tiltak.
Personleg verneutstyr (PVU) skal du berre bruke der det er nødvendig, i tråd med FHIs rettleiar for bruk av PVU. Dette bidreg til at vi unngår unødvendig avfall og vernar samtidig miljøet.
Til slutt er betre innkjøpspraksis svært viktig. Ved å samarbeide med leverandørar kan klinikkar velje miljøvennlege produkt og redusere mengda emballasje. Samtidig kan vi unngå overforbruk når vi berre kjøper inn nødvendige mengder.
Andre faktorar som påverkar berekraft
Berekraft handlar ikkje berre om å redusere avfall, det er òg andre faktorar som bidreg til ei heilskapleg miljøvennleg drift. Dette inkluderer det følgande:
- Førebyggande tiltak
- Gjennomfør tiltak som reduserer behovet for unødvendig behandling og pasientreiser gjennom helsefremmande og førebyggande helsearbeid.
- Oppgradering av utstyr
- Oppgrader til moderne utstyr som bruker mindre energi og dermed er meir miljøvennleg. Reduksjon i bruk av klimaanlegg kan òg bidra til lågare energiforbruk.
- Berekraftige leverandørar
- Vel kortreiste produkt med mindre emballasje frå miljømedvitne selskap. Bedrifter kan påverke leverandørar til meir berekraftig produksjon.
- Transport
- Oppmuntre pasientar og tilsette til å sykle, gå, bruke offentleg transport eller samkøyre. Elektrisk transport er òg eit alternativ.
- Redusert ressursforbruk
- Spar vatn og bruk energieffektive løysingar som LED-lys og moderne maskiner. Slå av elektroniske einingar når dei ikkje er i bruk.
- Avfallshandtering
- Sørg for korrekt sortering og resirkulering av plast og anna avfall.
- Digitalisering
- Bruk elektronisk kommunikasjon og informasjon for å redusere papirforbruk.
Utfordringar til deg
Reflekter over korleis handlingane dine som helseservicearbeidar eller helsefagarbeidar kan bidra til ein meir berekraftig praksis.
Kva eingongsartiklar bruker du i praksisen din, og kan nokon av dei erstattast med fleirgongsprodukt? Diskuter fordelane og ulempene ved å forandre rutinane.
Korleis kan førebyggande helsearbeid bidra til berekraft i helsevesenet? Reflekter over døme frå tannlegekontor, legekontor, apotek, sjukehus, sjukeheimar, heimeteneste eller andre område i helsevesenet.
Kva utfordringar ser du ved å gjennomføre tiltak for auka berekraft i helsevesenet?
Relatert innhald
Berekraftsmåla viser kva vi må jobbe med for å få ei berekraftig utvikling.
Ta stilling til påstandar om berekraftig utvikling og finn ut kva som engasjerer deg mest.